Mississippi er ein delstat i Sambandsstatane. Hovudstaden er Jackson. Mississippi ligg søraust i landet og er ein av sørstatane

Staten har namn etter Mississippielva.

Geografi

Mississippi, som har eit område på 125 546 km² og rundt 2,9 millionar innbyggjarar, grensar til Tennessee i nord, Mexicobukta i sør, Louisiana og Arkansas langs Mississippielva i vest og Alabama i aust.Reference Map of Mississippi (MS). Nations Online Project. Vitja 19. mars 2018.

Mississippielva renn langs den vestlege grensa mot Arkansas. Pearl River dannar den nedste delen av grensa mot Louisiana ned mot Mexicobukta.

Delstaten Mississippi består for det meste av lågland. Det høgaste punktet i staten, Woodall Mountain ved foten av Cumberlandfjella, stig 246 meter (807 fot) over havet. Den gjennomsnittlege høgda i staten er 91 m (300 fot) over havet.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Mississippi» frå , og «Mississippi» frå den 1. august 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Delstatar i USA