August Embretsen () var ein norsk snikkar, gardbrukar og stortingsmann frå Åsnes, medlem av Arbeidarpartiet.
Liv og gjerning Embretsen var frå garden Ingelsrud i Åsnes, eit bruk som far hans dreiv. Sjølv gjekk han amtsskulen og byrja i 1896 i snikkarlære i Kristiania. Sidan arbeidde han som snikkar og gardbrukar i heimbygda Åsnes.
I 1904 var Embretsen med å stifte Hedmark Arbeiderparti, der han vart fyrste formann. Same året vart han vald inn i kommunestyret i Åsnes. Som lokalpolitikar i Åsnes var han sentral i oppkjøpet av avisa Solungen, som Arbeiderpartiet eigde frå 1. januar 1907. I 1910 vart han den første ordføraren i Åsnes som representerte Arbeiderpartiet.Solbakken, 1951: s. 151
Embretsen vart vald inn på Stortinget i 1909 frå valkrinsen Solør, på tinget var han medlem av kyrkjekomiteen. Etter han vart attvald hausten i 1912, tok han sete i vegkomiteen og i Lagtinget. Han døydde året før stortingsperioden var over, Theodor Aaset tok då over ombodet etter han.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Notar
Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Folk frå Åsnes Kategori:Ordførarar i Åsnes Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap