Kalaripayattu er ein kampidrett frå Sør-India som omfattar slag, spark, nærkamp, våpenbruk og læking. Han blir ofte omtalt som ein av dei eldste kampteknikkane i verda. Den eldste dokumentasjonen av teknikken er frå 1000- eller 1100-talet, då han ifølgje historikaren Elamkulam Kunjan Pillai kan ha oppstått som følgje av langvarige krigar mellom Tsjera- og Tsjolariket.
Tradisjonelt kjerneområde for teknikken er nordlege og sentrale Kerala og Tulunadu i den noverande delstaten Karnataka. I dag er han særleg utbreidd i Kerala, Tamil Nadu og blant utøvarar av indisk opphav i Malaysia. Ei nordleg form av kalaripayattu blei særleg utført av nairfolk, medan den sørlege forma er knytt til nadar- og konarfolk.
Trening mini|venstre|Gutar på kalarippayattu-trening. mini|Kalarippayattu-positur. mini|upright|venstre|Kroppskontroll er viktig i kalarippayattu. Ein byrjar typisk å trena kalarippayattu i sjuårsalderen. Treninga har fire fråskilde fasar med ulikt innhald. Meippayatt eller meiotukkappayatt går ut på å læra seg kroppskontroll og å bli kvikk og smidig gjennom ulike øvingar. I neste fase, koltari, lærer ein å slost med trevåpen. Deretter lærer ein å bruka våpen av metall i ankatari, før ein i den siste fasen lærer seg å kjempa utan våpen i verumkai prayogam.
Kalarippayattu i kulturen Teknikkar frå kalarippayattu blir brukt innan fleire lokale danseformer, som kathakali.
Kampteknikken har blitt brukt i indisk film, som i kannadafilmen Ondanondu kaladallii (1979), tamilfilmen Indian (1996) og hindifilmen Asoka (2001). Han blei også brukt i hongkongfilmen The Myth (2005) med Jackie Chan og Mallika Sherawat og i den europeiske filmen The Last Legion (2007) av Doug Lefler, med Colin Firth og Aishwarya Rai.
Kjelder
Kategori:Kampsport Kategori:Kultur i Kerala Kategori:Indisk kultur Kategori:Ord frå tamil