Morbærfamilien er ein plantefamilie i ordenen Rosales som omfattar 40 planteslekter og over 1400 artar, fleire av dei viktige nytteartar.
Morbærfamilien er nært i slekt med neslefamilien. Tre og buskar er tofrøblada med spreidde blad, mjølkesaft og einkjønnea, frikrona blomar i rakler eller hovud. Hjå nokre av artane svulmar aksen av blomsterstanden opp og blir kjøtfull, som fiken. Hjå andre blir blomsterdekkblada saftige og kjøtfulle, som morbær.
Bruk Frå artar i morbærfamilien får ein fruktene morbær, brødfrukt og fiken. Nokre fikenartar kan brukast som prydplantar, som poppelfiken (banyan, Ficus benghalensis), stoveplantar, som bjørkefiken (Ficus benjamina), og bonsai. Blada frå kvitmorbær (Morus alba) vert brukte i silkeproduksjonen som mat for silkeormar.
Kjende slekter Dei sentrale slektene av morbærfamilien er: Stamme Artocarpeae Artocarpus – brødfrukttre Batocarpus Clarisia Hullettia Parartocarpus Prainea TreculiaStamme Castilleae Antiaris Antiaropsis Castilla Helicostylis Maquira Mesogyne Naucleopsis Perebia Poulsenia Pseudolmedia SparattosyceStamme Dorstenieae Brosimum – brødnøttre Bosqueiopsis Dorstenia Helianthostylis Scyphosyce Trilepisium Trymatococcus Utsetela Stamme Ficeae Ficus - fikentre, banyanStamme Moreae Bagassa Bleekrodea Broussonetia – papirmorbær Fatoua Maclura Maclura pomifera – «Osage-orange» Milicia Morus – morbærtre Sorocea Streblus Trophis
Kjelder
«Morbærfamilien» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 10. desember 2013. Denne artikkelen bygger på «Morbærfamilien» frå , den 10. desember 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Roseordenen