mini|Kvartsporfyr Kvartsporfyr er ein magmatisk bergart med kjemisk samansetnad som granitt, og med krystall av kvarts og ofte alkalifeltspat i ein tett grunnmasse som kan vere kryptokrystallinsk eller mikrokrystallinsk (felsittisk).

Kvartsporfyrar opptrer både som gangbergartar og som lavabergartar.

I Noreg er kvartsporfyr særleg kjent frå Oslofeltet.

Kjelder Kvartsporfyr. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/kvartsporfyr.

Kategori:Vulkanske bergartar Kategori:Kvartsvariantar Kategori:Porfyrar