Maskehornramnar er ei biologisk slekt Bucorvus i hornfuglfamilien med to nolevande artar. Slekta er endemisk for Afrika sør for Sahara. Blåmaskehornramn finst i eit belte frå Senegal aust til Etiopia, medan raudmaskehornramn lever på dei sørlege og austlege delane av kontinentet.

Maskehornramnar er store fuglar, dei vaksne rundt ein meter høge. I motsetnad til andre hornfuglar er begge artar av maskehornramnar bakkelevande, og dei lever av insekt, slangar, andre fuglar, amfibium og jamvel skilpadder.Kinnaird Margaret F. and O‘Brien< Timothy G.; The Ecology and Conservation of Asian Hornbills: Farmers of the Forest; pp. 20-23. ISBN 0226437124 Dei er blant fuglane med lengst levealder.Wasser, D. E. and Sherman, P.W.; “Avian longevities and their interpretation under evolutionary theories of senescence” in Journal of Zoology 2 November 2009

Ein forhistorisk maskehornramn, Bucorvus brailloni, er skildra frå fossile bein i Marokko, noko som tyder på at slekta var mykje meir utbreidd eller distribuert annleis før kvartæristidene.Kemp, A. C. 1995 The Hornbills. Oxford University Press, Oxford.

Artslista mini|høgre|Raudmaskehornramn, augevippe er synleg, dominerande blåfarga på strupen indikerer hofugl. Bucorvus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå september 2012 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Blåmaskehornramn, Bucorvus abyssinicus, Abyssinian Ground-Hornbill Raudmaskehornramn, Bucorvus leadbeateri, Southern Ground-Hornbill

Birdlife International har klassifisert begge artane som sårbare, VU, på den internasjonale raudlista per 2025.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bucorvidae» frå , den 16. desember 2013. Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hornfuglfamilien Kategori:Fuglar i den afrotropiske regionen Kategori:Fugleslekter