Alfredo Catalani () var ein italiensk romantisk operakomponist. I dag er Catalani best kjend for operaene Loreley (1890) og La Wally (1892).

Biografi

Alfredo Catalani gjekk på musikkonservatoriet i Milano og vart undervist av Antonio Bazzini. Då han sjølv tok til å komponera, valde han å ikkje følgja med den veristiske bølgja som skylde over italiensk opera frå 1880-åra. I staden brukte Catalani ein meir tradisjonell komposisjonsstil som nærmar seg stilen til Jules Massenet og Giacomo Puccini, og han vart også inspirert av Amilcare Ponchielli. Diverre kom verka hans Catalani i skuggen av både dei veristiske og dei tidlegare romantiske komponistane, og har i dag mist plassen sin i det moderne repertoaret. Dei tidlege operaene hans, La Falce (1875), Elda (1880), Dejanice (1883) og Edmea (1886) hadde laber suksess, mykje på grunn av dårlege librettoar.

Den mest populære Catalani-operaen La Wally (1892), med libretto av Luigi Illica, tek plass i Alpane i Tyrol, og vert m.a. hugsa for den dramatiske sluttscena, der heltinna Wally kastar seg uti eit ras og døyr. Operaen inneheld arien «Ebben? Ne andrò lontana» som enno vert framført ofte i dag. Arien var m.a. sentral i kultfilmen Diva (1981), der han vart sungen av Wilhelminia Fernandez.Diva på the Internet Movie Database Våren 2017 sang den norske sopranen Kari Postma tittelrollen i La Wally ved Volksoper Wien.

Alfredo Catalani døydde av tuberkulose i Milano i 1893, 39 år gamal. Han vart gravlagd på Cimitero Monumentale, som i dag hyser gravene til kunstnariske storleikar som Amilcare Ponchielli og Arturo Toscanini. Toscanini var ein forkjempar for Catalani sin musikk, og kalla dottera si Wally til ære for operaen. I 1952 vart det gjort opptak medan Toscanini dirigerte NBC Symphony Orchestra til siste akt frå La Wally og «vassnymfenes dans» frå Loreley i Carnegie Hall. La Wally vart også framført i desember 1953 på La Scala i Milano for å markera 100-årsjubileet for fødeåret til komponisten.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alfredo Catalani» og «La Wally», begge frå , den 18. desember 2013.

Kategori:Italienske komponistar Kategori:Romantiske komponistar Kategori:Operakomponistar Kategori:Folk frå Lucca Kategori:Komponistar frå 1800-talet