Kochbreen er ein isbre 3 nautiske mil (6 km) lang like aust for Jennerbreen på sørsida av Brabant Island i Antarktiske Arkipel. Han vart først med på eit argentinsk kart i 1953, men ikkje namngjeven. Isbreen vart fotografert av Hunting Aerosurveys Ltd. i 1956-57, og kartlagt frå desse bileta i 1959. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Robert Koch (1843–1910), ein tysk pioner innan bakteriologi som oppdaga Mycobacterium tuberculosis, bakterien som er ansvarleg for dei fleste tilfelle av tuberkulose.
Kjelder
Kategori:Isbrear i Antarktiske Arkipel