mini|Amerikansk M1A1 Abrams stridsvogn mini|Leopard 2A4 under ei øving. Ei stridsvogn, òg kalla ein tanks, er i moderne tid eit beltedrive heilpansra kampkøyretøy utstyrt med kanon. Kanonen er vanlegvis montert i eit dreibart tårn og kan brukast til nedkjemping av pansra køyretøy. Som regel kan stridsvogna òg vera utstyrt med ei eller fleire mitraljøser, missil, rakett- eller rekylfrie våpen og liknande til bruk mot infanteri, fly eller upansra køyretøy.
Ein kan skilja mellom lette stridsvogner (under 25 tonn), middelstunge (opptil 50 tonn), tunge (over 50 tonn) og supertung (rundt 100 tonn eller meir). I nyare tid er det blitt vanlegare å skilja mellom hovudstridsvogn (engelsk Main Battle Tank eller MBT) og lett stridsvogn. Dei fleste moderne stridsvognene har eit mannskap på fire – vognkommandør, skyttar, ladar og vognførar. Somme stridsvogner, spesielt russiskproduserte vogner, er utstyrt med automatladar og har då eit mannskap på tre.
Stridsvogna vart utvikla under 1. verdskrigen, i hovudsak for å trenga gjennom piggtrådsperringar og skyttargraver. Storbritannia var den første nasjonen som nytta stridsvogner i kamp, under slaget ved Somme 15. september 1916, med ein meir vellukka bruk i slaget ved Cambrai i 1917. Tyskland utvikla stridsvogner og brukte dei i den spanske borgarkrigen og seinare i «lynkrigen» ved byrjinga av andre verdskrigen. Innføringa av stridsvogna endra moderne krigføring med bruk av pansertroppar.
Den norske hæren har stridsvogner av typane Leopard 1 og Leopard 2. Tidlegare har dei brukt mellom anna amerikanske M24 Chaffee lette stridsvogner, tyske Panzer III og amerikanske M48 Patton.
Historie Første verdskrigen mini|Den første stridsvogna som vart brukt i krig, britiske Mark I (fotografert i 1916) med Solomon-kamuflasje.
mini|Erobra britisk stridsvogn under den første verdskrigen. Framparten av belta går høgt over bakken for å kunne klatre over hindringar. Kanonane er monterte i sida for å få tyngdepunktet så lågt som mogleg
Winston Churchill hadde sett Rolls-Royce-panserbilar i bruk i 1914, og hadde høyrt om planar om å lage eit beltegåande kampkøyretøy. Hæren og krigsminister lord Kitchener hadde ikkje trua på prosjektet, så det vart Churchill som marineminister, som sette ned den såkalla Landskipskomiteen for å utvikle det nye våpenet.Churchill, s. 316 Sjølv om stridsvogner opphavleg vart kalla landskip av komiteen, vart det endelege namnet tank på engelsk, etter ein avleiingsmanøver for å skjule kva som eigentleg vart utvikla (boiler og cistern vart òg vurderte, men forkasta.)
Den første stridsvogna var i operativ teneste då kaptein H.W. Mortimore frå Royal Navy leia ei Mark I i kamp ved Delville Wood under slaget ved Somme i 1916.McMillan, N: Locomotive Apprentice at the North British Locomotive Company Ltd Glasgow Plateway Press 1992 I Frankrike utvikla dei Schneider CA1 ut frå Holt-beltetraktorar, og dei brukte dei første gong 16. april 1917. Den første bruken av stridsvogner i større samanheng var ved slaget ved Cambrai 20. november 1917.
Stridsvogna var med på å gjere skyttargravskrigen umoderne, og tusenar av stridsvogner i bruk av britiske og franske styrkar var med å bidra til allierte sigrar. I byrjinga var det blanda resultat ved bruk av stridsvogner, ettersom dei var svært upålitelege. Tyske styrkar brukte stort sett eit lite utval av erobra einingar, ettersom dei sjølve berre produserte tjue eigenkonstruerte vogner, A7V.
Mellomkrigstida og andre verdskrigen mini|Ein M4 Sherman stridsvogn frå andre verdskrig, i Paris.
I mellomkrigstida var britane fremst i utviklinga av stridsvogner. Versaillestraktaten tillet ikkje tyskarane å utvikle eigne stridsvogner, men landet dreiv likevel med nokre hemmelege utviklingsprosjekt saman med Sovjetunionen. Frankrike hadde dårleg råd, og prioriterte sine faste forsvarsverk i Maginotlinja. Franskmennene satsa på å halda dei stridsvognslause tyskarane i sjakk, og utvikla mest lette stridsvogner, forutan dei mange forelda stridsvognene dei overtok frå engelskmennene etter krigen. USA isolerte seg og bygde ned forsvaret sitt kraftig.
Stridsvogner vart i hovudsak utvikla i tre kategoriar: Lette stridsvogner på ti tonn og mindre vart nytta til oppklaring og hadde våpen som stort sett berre var brukbare mot andre lette stridsvogner. Mellomtunge, eller cruiser tank på engelsk, var tyngre, men raskare. Tunge stridsvogner, eller infantry tank på engelsk, var tungt pansra og hadde høg vekt.
Ideen var å bruke tunge stridsvogner saman med infanteriet for å få til eit gjennombrot, og så skulle grupper med middelstunge stridsvogner strøyme gjennom gapet og operere bak fienden sine linjer, for så å angripe forsyningsliner og hovudkvarter. Dette var ein viktig del av britisk doktrine, som vart teken opp av tyskarane som ein del av Blitzkrieg-konseptet.
Nordamerikansk tankegang var at stridsvogner skulle vere lette og mobile, og om dei støytte på andre stridsvogner skulle dei trekkje seg tilbake for å la panserjagarar ta seg av desse. I praksis vart det fleire og fleire stridsvogner på slagmarka, så kvart kampkøyretøy måtte ha effektive våpen for å nedkjempe stridsvogner. Dette utløyste eit rustingskappløp der stridsvognene stadig fekk tyngre pansring og kraftigare væpning. Der stridsvogna si oppgåve hadde vore å forsere hindringar, måtte ein no inngå eit kompromiss for å kunne kjempe mot andre stridsvogner på ein effektiv måte.
Den andre verdskrigen sette på alvor fart på utviklinga av stridsvogner. For eksempel starta Tyskland krigen med mange Panzer I med to mitraljøser og Panzer II med ein 20 mm kanon. Den tyngste utgåva i operativ teneste var Panzer IV, med ein kortløpa 75 mm kanon og ei vekt på under 20 tonn. På slutten av krigen var den dominerande tyske stridsvogna Panther, med ein lang 75 mm kanon og ei vekt på 45 tonn, sett på som «berre» mellomtung.
Dei tyngste tyske stridsvognene var Tiger I på 57 tonn og Tiger II på 68 tonn, med ein lang 88 mm kanon. Desse var likevel så tunge at dei blei trege og lite manøvrerbare, og motoren braut ofte saman. Tyskarane laga òg ein prototype av ei supertung stridsvogn, Panzer_VIII_Maus, på heile 188 tonn, men denne klarte knapt å røre seg og vart aldri sett i produksjon. Men dei tunge tyske stridsvognene fekk stor betydning for utviklinga av vestlege stridsvogner etter krigen.
Under krigen vart det òg vanleg med eit tårn på alle stridsvogner. Vognene vart òg utstyrt med radio, noko som letta leiinga av avdelingane. Kolossale vogner med fleire tårn, slik som sovjetiske T-35, forsvann.
Den kalde krigen Etter krigen fortsette utviklinga stort sett i same retning. Lette stridsvogner vart sette til oppklaring, i tillegg til luftlandsettingar med USA-styrkar. Lette stridsvogner forsvann så etter nokre år.
Med utviklinga som hadde skjedd på hjuloppheng og motorar vart mellomtunge stridsvogner frå dei siste år av krigen i stand til å yte betre enn tunge stridsvogner frå byrjinga av krigens. Med litt tyngre panser og betre motor så kunne mellomtunge stridsvogner ta opp kampen med alt av panservernvåpen på slagmarka. Den britiske Centurion var i stand til å ta treff frå tyske 88 mm panservernkanonar, samtidig som L7-kanonen kunne slå ut fiendtlege stridsvogner og Rolls-Royce Meteor-motoren gav den ein toppfart på 35 km/t. Centurion erstatta alle mellomtunge stridsvogner i britisk bruk, og vart kalla universalstridsvogn. Omgrepet main battle tank (hovudstridsvogn) følgde kort tid etter.
Utviklinga av «panservernmissil» var den siste spikaren i kista til dei tunge stridsvognene. Den lange rekkevidd til rakettane gjorde at stridsvogna ikkje kunne ta opp kampen ute av skothald, men måtte manøvrere seg nærmare inn.
På den same tid vart pansra personellkøyretøy og seinare stormpanservogner utvikla for å bringe mobiliteten til infanteriet opp på same nivå som stridsvognene. Stormpanservognene tok òg over fleire av rollene til lette stridsvogner. Den USA-amerikanske M2 Bradley er eit døme på det.
De fleste trekka ved moderne stridsvogner vart etablert under andre verdskrigen, og sjølv om utviklinga sidan har forbetra alle enkeltkomponentar, så ville ein stridsvognkommandør frå andre verdskrig straks kjent att ei moderne stridsvogn.
Teknisk Komponentane til stridsvogna center|frame|1. Belte, 2. Kanon, 3. Belteskjørt, 4. Røykgranatkaster, 5. Tårn, 6. Motordeksel, 7. Luke med periskop, 8. Koaksialt maskingevær, 9. Skrog, 10. Baugmaskingevær
Pansring Stridsvogner er dei tyngste pansra kampkøyretøya i den moderne hæren. Pansringa er konstruert for å verne vogna og mannskapet mot mange forskjellige trugsmål. Vanlegvis er vern mot panserbrytande ammunisjon avfyrt frå andre stridsvogner den viktigaste oppgåva. Stridsvogner er sårbare for panservernmissil avfyrt frå andre panserkøyretøy, infanteri, helikopter eller fly. Dei er òg utsett i høve til stridsvognminer, større bomber og direkte treff frå artilleri. De fleste moderne stridsvognene er nærmast usårbare i forhold til splintrestar frå artillerigranatar og lettare panservernvåpen.
Den mengda panser som i teorien skal til for å gjere vogna heilt usårbar frå alle kantar ville vore for tung til å vera praktisk, så utviklarane av nye stridsvogner legg mykje tankearbeid i å balansere mellom vern og vekt.
Typar pansring Den vanlegaste typen panser er passivt panser, som består av fleire lag med herda stål, legeringar og keramiske material. Den mest kjende typen passivt panser er det britiske Chobham-panseret, som består av keramiske blokker sett inn i ein plastkompositt mellom lag av konvensjonelt panser.
Dei fleste stridsvognene har etter andre verdskrig blitt laga med skrå overflater på pansringa, vanlegvis i front. Dette har to føremål; det eine er at prosjektil kan verte reflektert bort frå overflata, og det andre er at den effektive tjukkleiken på panseret i horisontalplanet vert mykje større. Sjå bileta under for to døme på stridsvogner frå same periode med ulik geometri på panseret:
mini|Ei sovjetisk T-34-stridsvogn frå andre verdskrig, eit tidleg eksempel på skrånande panser mini|T-72 med reaktivt panser (klossane på utsida av skroget og tårnet)
Motsatsen til passivt panser er reaktivt panser. Det består av ein sprengladning som eksploderer ut mot innkomande prosjektil. Dette er for å stogga hólladningar, og har mindre effekt mot kinetisk ammunisjon. Reaktivt panser hengast på utsida av stridsvogna i små utskiftbare pakkar, og er ei vanleg oppgradering av eldre stridsvogner.
Fordeling av panseret Pansringa på ein stridsvogn er ujamt fordelt. Dei tjukkaste delane er fremst på skroget og fremst på tårnet. Sidene har tynnare pansring, og bak er det oftast enda tynnare. Spesielt over motoren bak på dekket av vogna er det som regel lite pansring.
Belta og hjula på einskilde stridsvogner er delvis beskytta av sideskjørt. Dette er fordi det er sårbare deler, og vogna vert sett ut av spel ved skade på drivverket. Einskilde stridsvogner utan sideskjørt har vorte oppgradert seinare.
De som kjempar mot stridsvogner freistar å angripe dei delane av vogna som er dårlegast verna. Stridsvogner er sårbare ovanfor flyangrep og andre skot frå lufta. For eksempel så vil infanteri med panservernvåpen freista å finne ein skytestilling høgare oppe enn sjølve stridsvogna, for eksempel i åssida ved ein framrykkingsveg for pansra styrkar. Stilleståande stridsvogner er òg sårbare ovanfor artilleri.
Væpning thumb|Oppbygginga av pilammunisjon. 1. Prosjektilhylse 2. Penetrator 3. Tettingsringar mini|Pilammunisjon i bruk: Høghastigheitsbilete av prosjektilhylse som skrellast av prosjektilet i flukt