Gotleybreen er ein veldefinert isbre, 13,2 km lang, som stig ned frå den isdekte fjellsida av fjellmassivet Big Ben på sørvestsida av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Brefronten ligg mellom Cape Arkona og Cape Labuan. Aust for Gotleybreen ligg Deacockbreen, som endar mellom Cape Labuan og Long Beach. Nordvest for Gotleybreen ligg Liedbreen, som endar mellom Cape Arkona og Cape Pillar. Cape Arkona skil Gotleybreen frå Liedbreen.

Gotleybreen vart kartlagt i 1948 av Australian National Antarctic Research Expeditions, og vart namngjeven av dei etter Aubrey V. Gotley, ein meteorolog og øvstkommanderande for gruppa.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Klikk her for å sjå eit kart over Heard- og McDonaldøyane Australian Antarctic Division Australian Antarctic Gazetteer Composite Gazetteer of Antarctica Australian Antarctic Names and Medals Committee (AANMC) US Geological Survey, Geographic Names Information System (GNIS) Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR)

Kategori:Isbrear på Heard- og McDonaldøyane