Heikki Johannes Ikola () er ein finsk tidlegare skiskyttar frå Jurva i Kurikka. Han vann VM-gullet på 20 km både i 1975, 1977 og 1981, samt gullmedalje for Finland i stafett under VM i skiskyting 1975. I alt tok han fire individuelle medaljar og seks stafettmedaljar i ulike OL og VM i tida 1972-81, alle ti medaljane i gull eller sølv.

Aktiv Ikola fekk i 1972 den fyrste av fem sølvmedaljar i stafett med Finland. Både denne fyrste i Sapporo og den fjerde stafettmedaljen i Innsbruck i 1976 var OL-sølv, medan medaljane han fekk i 1974, 1977 og 1979 var VM-sølv. I VM 1975 i Antholz vart han verdsmeister både på 20 kilometer og i stafett, den sistnemnde bragda gjorde han på lag med Heikki Flöjt, Simo Halonen og Juhani Suutarinen. Han vart dessutan nummer fire på 10 km i meisterskapen. Tidlegare i same sesongen vann gullmedaljen på 10 km ved Nordisk meisterskap i skiskyting 1975.

Ikola vart på ny verdsmeister på normaldistansen 20 km under verdsmeisterskapen i Vingrom i 1977, der han slo sølvmannen Sigleif Johansen med 25 sekundar. På finsk heimebane i Lahti i 1981 skaut Ikola 20 blanke treff på 20-kilometeren og tok sin tredje VM-tittel i øvinga, over minuttet føre det austtyske skiskytingsfenomenet Frank Ullrich.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap VM i skiskyting 1971 i Tavastehus: Nr 10 på 20 km Vinter-OL 1972 i Sapporo: Sølvmedalje i stafett VM i skiskyting 1973 i Lake Placid: Nr 11 på 20 km VM i skiskyting 1974 i Minsk: Sølvmedalje i stafett, nr 4 på 20 km VM i skiskyting 1975 i Antholz: Gullmedalje på 20 km og i stafett Vinter-OL 1976 i Innsbruck: Sølvmedalje på 20 km og i stafett VM i skiskyting 1977 i Vingrom: Gullmedalje på 20 km og sølvmedalje i stafett VM i skiskyting 1978 i Hochfilzen: Nr 4 på 20 km VM i skiskyting 1979 i Ruhpolding: Sølvmedalje i stafett, nr 7 på 20 km Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Nr 18 på 20 km VM i skiskyting 1981 i Lahti: Gullmedalje på 20 km VM i skiskyting 1982 i Minsk: Nr 16 på 10 km

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Finske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Finland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1976 Kategori:Finske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1980