Arthur Neville Chamberlain () var ein britisk politikar for Det konservative partiet og statsminister i Storbritannia frå 1937 til 1940.

Chamberlain var son av Joseph Chamberlain og bror av Austen Chamberlain, begge politikarar. Etter ei tid som forretningsmann gjekk han inn i lokalpolitikken i Birmingham, og følgde faren og broren som parlamentsmedlem i 1918, då han var 49 år gammal. Chamberlain tente som helseminister og finansminister før han etterfølgde Stanley Baldwin som statsminister i 1937. Tida hans som regjeringsleiar var prega av korleis ein skulle behandla eit aggressivt og ekspansivt Tyskland. For ettertida er han vorten kjend for ein ettergjevande politikk i høve til Adolf Hitler som han håpte kunne avverja ein ny storkrig. Storbritannia erklærte likevel krig mot Tyskland etter at landet invaderte Polen i 1939. Då dei allierte landa ikkje klarte å hindra Tyskland i å invadera Noreg i 1940 mista Chamberlain mykje støtte i parlamentet, og gjekk av til fordel for Winston Churchill. Han fortsette å sitja i regjering, men døydde av kreft seks månader etter avgangen.

Barndom og tidleg karriere

Neville Chamberlain var fødd i huset Southbourne i Edgbaston i Birmingham. Han var son av Joseph Chamberlain, som seinare vart borgarmeister i Birmingham og ein britisk minister, og den andre kona hans. Florence Kenrick, eit syskenbarn av parlamentsmedlemmen William Kenrick. Han hadde to eldre halvsysken, Austen og Beatrice, frå det fyrste ekteskapet til faren, og tre yngre systrer, Ida, Hilda og Ethel. Mora døydde i barsel då Neville var seks år gammal, og Beatrice stod for mykje av oppsedinga deira. Neville voks opp med eit kjølig tilhøve til faren, men vart desto meir knytt til søskena, særleg systrene Ida og Hilda.

Chamberlain var elev ved den prestisjefulle Rugby School, ein av dei mest kjende privatskulane i Storbritannia. Her utvikla han ei livslang interesse for botanikk og ornitologi.

Etter skulen byrja Chamberlain på to Mason College, no Universitetet i Birmingham. Dette gjer han til ein av to britiske statsministrar som ikkje har gått på University of Cambridge eller University of Oxford. Ved universitetet studerte han naturvitskaplege fag, spesielt metallurgi. I 1889 sette faren hans Neville i lære hjå eit rekneskapsføretak. Etter seks månader der vart han tilsett med løn. I eit forsøk på å vinna tilbake tapt familierikdom sende så Joseph Chamberlain sonen sin for å skipa ein sisalplantasje på øya Andros i Bahamas. Neville Chamberlain var der i seks år, men prosjektet feila, og Joseph Chamberlain tapte 50 000 pund.

Tilbake i England kjøpte Neville Chamberlain, med hjelp frå familien, metallskipskøyemakaren Hoskins & Company. Her var han administrerande direktør i 17 år, og føretaket bløma.

mini|Den australske statsministeren Billy Hughes og Neville Chamberlain med familiane sine i 1916.

Då Chamberlain var fylt førti utan å ha gifta seg hadde han venta å aldri gjera det, men i 1910 forelska han seg i Anne Cole, og blei gift med henne året etter. Ho oppmuntra han og støtta han då han ville gå inn i lokalpolitikk, og var ein konstant følgjesven, hjelpar og trudd kollega som delte interessa hans for husvere og andre politiske og sosiale saker han brann for. Paret fekk ein son og ei dotter.

Tidleg politisk karriere

Chamberlain hadde lenge ikkje vist noka interesse for politikk, sjølv om både faren og halvbroren sat i parlamentet. Under valkampen i 1900 heldt han talar for Joseph Chamberlain sitt parti, Liberal Unionist Party. Dette partiet var allierte med det konservative, og gjekk seinare saman med det til Unionist Party og seinare Conservative and Unionist Party. I 1911 gjekk Chamberlain inn i politikken, og vart vald inn i bystyret i Birmingham for Liberal Unionist Party. Han vart vald til formann for byplankomiteen, og fekk Birmingham til å vedta ein av dei fyrste byplanane i Storbritannia. Utbrotet av den fyrste verdskrigen i 1914 hindra innføringa av planane.

I 1915 vart han borgarmeister i byen, akkurat som far sin og fem onklar. Som borgarmeister i krigstid hadde Chamberlain ein stor arbeidsmengd, og han insisterte på at andre byrådar og embetsfolk måtte arbeida like hardt. Han halverte beløpet ein borgarmeister kunne krevja i utgifter, og skar ned på talet tilstellingar knytte til stillinga. I 1915 vart Chamberlain utnemnd til medlem av Central Control Board on liquor traffic. Som borgarmeister fekk han òg mellom anna grunnlagt ein kommunal bank og eit symfoniorkester i byen. Dette gjorde han populær, og han vart attvald ved det neste valet i 1916.

Chamberlain vart likevel ikkje sitjande lenge i den andre perioden sin. I desember 1916 fekk han stillinga som Director of National Service av den nye statsministeren David Lloyd George. Her fekk Chamberlain det overordna ansvaret for å koordinera utskrivinga av vernepliktige, slik at krigsnødvendig industri ikkje skulle verta tappa for kompetent arbeidskraft. Alt i august 1917 trekte Chamberlain seg frå denne posten på grunn av manglande resultat og samarbeidsproblem med Lloyd George. Dette førte til at Chamberlain og Lloyd George utvikla ein gjensidig motvilje for kvarandre, noko som skulle vara livet ut.

mini|Helseminister Chamberlain vitjar slummen i Newcastle i 1925. Ved valet i 1918 bestemte Chamberlain seg for å stilla som kandidat til underhuset i det britiske parlamentet. Samstundes fekk han eit tilbod om ein stilling i helsedepartementet, men på grunn av konflikten med Lloyd George avslo Chamberlain dette, og tok heller opp plassen han vann i parlamentet.

Etter at Lloyd George gjekk av i 1922 vart Chamberlain utnemnd til Postmaster General av den nye statsministeren, Andrew Bonar Law. I 1923 fekk Chamberlain sete i regjeringa som helseminister. Som helseminister var han mest oppteken av å betra butilhøva i slummane i dei store byane, og han introduserte fleire lovar som betra rettane til fattige leigetakarar.

Etter at Stanley Baldwin vart ny statsminister, fekk Chamberlain den viktige posten som finansminister. Denne regjeringa varte berre åtte månader, i januar 1924 måtte ho gå av, og Chamberlain gjekk derfor attende til parlamentet.

Ved valet i 1924 vart Chamberlain attvald med knapp margin; han fekk berre 77 fleire røyster enn motkandidaten, Labour-kandidaten og den seinare fascistleiaren Oswald Mosley. Chamberlain avslo eit tilbod om å vera finansminister etterom han føretrekte den tidlegare rola si som helseminister. I løpet av denne perioden markerte han seg med heile 25 lovforslag, mange av dei var av den radikale sorten. Fram til han forlet stillinga i 1929 var 21 av forslaga vorte vedtekne lovar. Chamberlain var mellom anna sentral i oppbygginga av den britiske velferdsstaten. Han avskaffa dei valde fattigstyra (Poor Law Boards of Guardians) som administerte fattighjelp og nokre stader var ansvarlege for å krevja inn visse skattar. Med Local Government Act 1929 fekk Chamberlain desse totalt avskaffa. Ved den andre presenteringa av denne loven i underhuset talte han i to og ein halv time, og vart applaudert av alle partia. Unemployment Act 1934, som skipa eit velferdsbyrå for arbeidslause, var i stor grad Chamberlain sitt verk.

Ved generalstreiken i 1926 hadde Chamberlain hatt ei forsonande tilnærming til arbeidarane, men elles hadde han helst eit dårleg tilhøve til Labour-partiet. Dette kom til å spela ei avgjerande rolle i enden på statsministerkarrieren hans.

Etter å ha bytta valkrets før valet i 1929, vart Chamberlain lett attvald til parlamentet. Året etter vart han også leiar i det konservative partiet, men etter berre eit år med Chamberlain ved roret tok, noko overraskande, Stanley Baldwin leiarskapen attende. Baldwin og Chamberlain samarbeida godt, men likevel sleit den britiske høgresida tungt desse åra. Mellom anna vart det danna eit nytt høgreorientert parti under leiing av Lord Beaverbrook.

Etter at labourregjeringa trekte seg i 1931 og ei ny samlingsregjering vart danna av sosialisten Ramsay MacDonald, fekk Chamberlain attende posten som helseminister. Etter valet same året gjekk han over til stillinga som finansminister. I 1932 heldt samlingsregjeringa på å gå i oppløysning på grunn av Chamberlain sitt framlegg om auka tollmurar, men framlegget gjekk likevel igjennom og regjeringa vart sitjande.

I åra fram mot 1937 var Chamberlain kontroversiell, og både Labour og folk i hans eige parti gjekk til åtak på han. Medan labourpolitikarar som Arthur Greenwood kritiserte han for å bruka for mange pengar på gjenopprusting, kritiserte Winston Churchill han for å vera påhalden med forsvarsbudsjettet.

Chamberlain vert statsminister mini|Portrett av Chamberlain måla av Samuel Johnson Woolf i 1938. Etter at Georg VI vart ny konge og Baldwin gjekk av tidleg i 1937, vart Chamberlain beden om å overta leiinga av regjeringa. Den 28. mai byrja han i stillinga som statsminister, og eit par dagar etterpå vart han på nytt leiar av det konservative partiet.

Innanrikspolitikk

Som statsminister førte Chamberlain ein aktiv sosialpolitikk. I 1937 la han fram Factory Act, som gav arbeidarar utvida rettar og sette nye grenser for maksimal arbeidstid for kvinner og barn. Med Housing Act i 1938 ønska Chamberlain å rydda opp i overfolka slumstrøk og å laga reglar for maksimal husleige i rimelege bustadar. I 1938 kom òg Holidays with Pay Act, som gav elleve millionar arbeidarar rett til ferie med løn.

Som statsminister kravde Chamberlain at alle departement skulle leggja fram langsiktige politiske toårsplanar, og han deltok også sjølv aktivt i utforminga av desse.

Irland Då Chamberlain kom til makta hadde tilhøvet mellom Storbritannia og Den irske fristaten vore kjølig i mange år. Under leiing av president Eamon de Valera ønskte irane å bryta banda til Storbritannia, og den 29. desember 1937 vart ei ny irsk forfatning innført. Fristaten vart då til Republikken Irland

Samstundes kravde irane at også dei nordlegaste områda av øya Irland, Nord-Irland, skulle overførast til den nye republikken. Chamberlain var ikkje avvisande til dette. Sjølv om han tidlegare hadde hatt ei hardare linje, meinte han no at det vanskelege tilhøvet også påverka tilhøvet til andre delar av imperiet. I november 1937 vart det innleia tingingar. Motstand frå mange nordirar gjorde at dette ikkje kunne gjennomførast, og resultatet av tingingane vart til slutt ei handelsavtale.

Utanrikspolitikk Chamberlain si regjeringstid gjekk føre seg medan Tyskland under Adolf Hitler kravde større territorium for Det tredje riket. Chamberlain heldt seg lenge passiv og såg på ekspansjonen, etter å ha komme fram til at det var lite Storbritannia kunne gjera for å stogga nasjonalsosialistane. Han prøvde å blidgjera Nazi-Tyskland og gjera staten til ein partner i eit stabilt Europa. Han meinte tyskarane kunne tilfredsstillast ved å få tilbake nokre av koloniane sine, og under Rhinland-krisa i mars 1936 hevda han at britane burde vurdera spørsmålet om tilbakeføring av koloniane.

Chamberlain opna også direkte samtalar med Italia, som var blitt ein internasjonal paria etter invasjonen av Etiopia i 1935. Gjennom den italienske ambassadøren grev Dino Grandi sette Chamberlain opp ei private kommunikasjonsline til Benito Mussolini.

Austerrike