Paschalbreen er ein isbre som er kring 37 km lang og 7 km brei, og som flyt nordvest mellom to ryggar, og endar ved Mount McCoy og Lewis Bluff. Den nedre enden av denne breen flyt saman med Whitebreen og den større Landbreen nær Mount McCoy før denne flyt ut i Land Bay på kysten av Marie Byrd Land. Paschalbreen vart fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS), 1939–41, og vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy i 1959-65. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Evans W. Paschal, forskingssjef ved Byrd-stasjonen i 1970.
Kjelder
Kategori:Isbrear i Marie Byrd Land