Straussbreen er ein isbre i Antarktis som er kring 70 km lang og flyt mellom Ickes Mountains og Coulter Heights og ut i sjøen på austsida av Land Bay i Marie Byrd Land. Breen vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1959-65. Namnet vart foreslått for Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) av admiral Richard E. Byrd. Han er kalla opp etter Lewis Strauss, styreleiar av Atomenergibyrået i USA i 1953–58, som lenge var ein ven og rådgjevar for Byrd, og som tilrådde at Antarktis måtte nyttast som ein demonstrasjon på korleis atomenergi kunne nyttast på ein fredeleg måte.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Marie Byrd Land