mini|Millikan Library. California Institute of Technology er eit privat forskingsbasert universitet i Pasadena i delstaten California i USA. Det vert jamleg rangert som eit av dei ti fremste teknologiske universiteta i verda, og har hatt fleire nobelprisvinnarar blant studentane og lærekreftene her.

Caltech hadde i 2008 femte plass globalt på Times si liste over dei beste universiteta i verda.Times – THES QS Top Universities, 201-300.

Caltech vart grunnlagt i 1891 av den lokale forretningsmannen Amos G. Throop. Astronomen George Ellery Hale spelte ei viktig rolle i oppbygginga og var frå 1907 leiar for Mt. Wilson-observatoriet. Caltech fekk det noverande namnet i 1921.

Det er 2 086 studentar ved Caltech (2006), og skulepengane er US$ 32 835. Undervisinga vert gjeve opp til doktorgradsnivå (Ph.D).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «California Institute of Technology» frå , den 3. januar 2014.

Bakgrunnsstoff California Institute of Technology (Caltech)

Kategori:Universitet i California Kategori:Skipingar i 1891 Kategori:1891 i USA