Moskva Universitet-isen er ein smal isbrem, som er kring 200 km lang, ved Sabrina Coast mellom Tottenbreen og Paulding Bay. Dalton istunge strekkjer seg nord frå den austlege delen av bremmen. Isen vart delvis kartlagt frå flyfoto tekne av USN Operasjon Highjump i 1946-47, og vidare fotografert og kartlagt av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) og Den sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1958. Han vart namngjeven av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen etter Moskva Universitet.
Sjå òg Isbremmar i Antarktis
Kjelder
Kategori:Isbremmar i Antarktis Kategori:Geografi i Wilkes Land