mini|Maskinsjefen i maskinrommet på ferja Bastø II Maskinsjef (engelsk: chief engineer) er høgaste maskinoffiser og teknisk sjef ombord på skip, hovudsakleg ansvarlig for framdrift, hjelpemaskineriet ombord, vedlikehald av alt teknisk utstyr og elektriske installasjonar, ansvarleg for å planlegging av verkstadsopphold og leie utføringa. Maskinsjefen er rangert under kapteinen, og er leiar for alt maskinromspersonell. Å løyse det høgaste maskinoffisersertifikatet M1 krev minimum 36 mnd effektiv fartstid etter endt eksamen noko som gjer det til den lengste maritime utdanninga.
Utdanning i Norge
Det er to måtar å ta utdanninga på:
Y-vegen VG1 Teknikk og industriell produksjon (eitt år) VG2 Skipsteknikk (eitt år) Læretid ombord i skip som motormann (eitt år effektiv seglingstid, delast opp etter turnusordning) Fagbrev som motormann (to dagar på godkjent tunglab) Maritim teknisk fagskole, maskinist, teoretisk kompetanse for maskinist max. kl. 4 (eitt år) Maritim teknisk fagskole, maskinsjef, teoretisk kompetanse på ledelsesnivå kl. 1 (eitt år) Seglingstid som maskinkadett, offiser på opplæring (éin månad eff. seglingstid) Seglingstid i stilling som krev maskinoffisersertifikat kl 4 (eitt år eff. seglingstid): oppnår maskinoffisersertifikat lågaste klasse 2 Seglingstid i stilling som krev maskinoffisersertifikat lågaste klasse 2 (eitt år eff. seglingstid): oppnår maskinoffisersertifikat høgaste klasse 2 Seglingstid i stilling som krev maskinoffisersertifikat høgaste klasse 2 (1,5 år eff. seglingstid): oppnår maskinoffisersertifikat klasse 1
Annan utdanning Studiespesialiserende vidaregående skole (tre år) Høgskole med bachelor- eller mastergrad i maritime ingeniørfag (tre år) Seglingstid som maskinkadett. (eitt år eff. seglingstid) Seglingstid som tredje- eller andremaskinist (eitt år eff. seglingstid) Seglingstid som førstemaskinist (eitt år eff. seglingstid)
Kompetansen ein får i denne utdanninga gjer at ein kan arbeide med mange tekniske utfordringar på landbasert basis òg. Ein kan òg inneha dei fleste stillingane i dei ulike reiarlaga, med unntak av nokre som krev høgare økonomiutdanning.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Maskinsjef» frå , den 4. januar 2014.
Kategori:Sjøfartsyrke