mini| Den antarktiske plata er ei jordskorpeplate som inneheld kontinentet Antarktika og strekkjer seg utover og under havet omkring. Den antarktiske plata grensar nesten berre til midthavsryggar. Dei tilstøytande platene er Nazcaplata, Den søramerikanske plata, Den afrikanske plata, Den indoaustralske plata, Stillehavsplata, og over ei transformasjonsgrense, Scotiaplata.
Den antarktiske plata dekkjer om lag 60 900 000 kvadratkilometer. Ho er den femte største plata i verda.
Den antarktiske plata flyttar seg kring 1 centimeter i året mot Atlanterhavet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Antarctic Plate» frå , den 8. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Jordskorpeplater Kategori:Antarktisk geologi Kategori:Chilensk geologi Kategori:Geologi i Stillehavet Kategori:Geologi i Indiahavet Kategori:Geologi i Sørishavet