Valløy kyrkje er ei langkyrkje i Tønsberg kommune i Vestfold.

mini|venstre|Valløy kyrkje i april-mai 1945, like etter bombeangrepet.

Kyrkja er i louis seize-stil og vart oppført av byggmeister Jacob Smith og innvigd i 1782, i ei tid då det vart drive saltverk på staden. Seinare kom det forskjellig slags industri, mellom anna oljeraffineri. I eit bombetokt mot dette den 25. april 1945Harald Høiback Angrepet på Vallø - Bompeoffensivens epilog i Europa, Forsvarstudier 1/1996 — heilt på slutten av krigen — vart 53 nordmenn og eit ukjent tal tyskarar drepne. Kyrkja vart ikkje ramma, men fekk mindre skadar. Ho var i privat eige til ho i 1982 vart overdrege frå Esso til Sem kommune (innlemma i Tønsberg i 1988).

Det er kyrkjegard attmed kyrkja. I 1932 vart det dessutan opna kyrkjegard ved Vallø kapell, litt lengre vest.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Sem og Slagen bygdebok

Kategori:Kyrkjer i Tønsberg Kategori:Kyrkjer i Tønsberg domprosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1780-åra Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Kulturminne i Tønsberg