Rotzbreen er ein sidebre i Antarktis som er 17 km lang og 3,5 km brei. Han flyt vestover frå Wakefield Highland, sentralt på Den antarktiske halvøya, ut i Airybreen til eit punkt like sør for Mount Timosthenes. Breen vart fotografert av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) den 27. november 1947. Han vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i desember 1958 og november 1960 og namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Jean Rotz, ein fransk kartmakar på 1500-talet som skreiv om viktige prinsipp innan navigasjon. Han designa eit utførleg magnetisk kompass og vart hydrograf for kong Henrik VIII av England i 1542.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Palmer Land