Jenningsbreen er ein isbre som er 19 km lang og som flyt nordover langs vestsida av Lunckeryggen i Sør-Rondane i Antarktis. Han vart kartlagd av norske kartografar i 1957 frå flyfoto tekne av U.S. Navy Operasjon Highjump, 1946–47, og namngjeven etter løytnant James C. Jennings i U.S. Navy, som var andrepilot og navigatør på flytokta som tok bilete av breen og andre kystområde mellom 14 og 164 gradar aust.

Kjelder

Kategori:Isbrear i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Ragnhild Kyst