Veststraumen er ein isbre som er kring 70 km lang og flyt vestover langs sørenden av Vestfjella og ut i Riiser-Larsenisen. Isbreen vart sett under U.S. Navy sin flytur med eit LC-130-fly over kysten den 5. november 1967, og vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå fotografi tekne på den tida. I 1969 gav Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) han namnet «Endurancebreen» til minne om polarskuta «Endurance» i denne delen av Weddellhavet i 1915, men namnet vart avslått av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) fordi det var eit identisk namn på ein liten bre på Elefantøya. Det skildrande namnet «Veststraumen» finst på eit kart av Norsk Polarinstitutt frå 1972.
Sjå òg Isbrear i Antarktis
Kjelder
Kategori:Isbrear i Dronning Maud Land Kategori:Prinsesse Astrid Kyst