mini|Atlanterhavssaltsump i Connecticut.
Salt myr eller saltsump er eit våtmarksområde med høg salinitet. Slike myrer blir ofte danna av brakkvatn i kystområde og elvedelta, der dei gjerne blir oversvømde av tidvatn med jamne mellomrom. Dei kan også oppstå i innlandet gjennom høg fordamping.
I saltmyrer veks hovudsakleg salttolerante vekstar (halofyttar) som urter, gras eller låge buskar.Adam, P (1990). Saltmarsh Ecology. Cambridge University Press. New York. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Salte våtmarker spelar ei viktig rolle i den akvatiske næringskjeda og overføring av næringsstoff til kystvatn. Dei kan også verna kysten og vera viktige habitat for landlevande dyr. Woodroffe, CD (2002). Coasts: form, process and evolution. Cambridge University Press. New York. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
Saltsumper kan vera sårbare mot utslepp frå industri eller landbruk, og mot tilføring av varme når til dømes ei elv har vore brukt som kjølar i kraftverk eller fabrikkar.
Kjelder
saltsump , Miljøtermbasen ETDS (glossary.no) Ordforklaringer, Cappelens atlas (atlas.cappelendamm.no)
Delar av denne artikkelen bygger på «Salt marsh» frå , den 14. januar 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kystgeografi Kategori:Myr Kategori:Kyst- og havlandformer