Slaget ved Nesjar var et slag mellom Olav Haraldsson (Olav den hellige) og allierte norske stormenn under ledelse av jarlen Svein Håkonsson. Slaget fant sted palmesøndag 25. mars 1016 ved Mølen og Værvågen utenfor Helgeroa i Brunlanes, Larvik.
Svein jarl oppgis å ha hatt 45 skip med 3000 mann under sin kommando, mens Olav hadde 30 skip og ca 2000 mann. I slaget seiret Olav Haraldsson over en rekke av de mektigste norske daværende høvdingene, Svein Håkonsson, Erling Skjalgsson og Einar Tambarskjelve. Med denne seieren tok Olav Haraldsson et viktig steg i prosessen mot kristningen og samlingen av Norge. Svein jarl flyktet utenlands og døde kort tid senere. Skalden Sigvat Tordsson var til stede og forfattet Nesjarvisene kort tid etter slaget. I Sigvats dikt nevnes en ukedag for første gang i norsk historie. Slaget skjedde palmesøndag til tross for at kirkelederne på den tiden mente at fyrstene skulle innstille krigføringen på kirkens festdager.
Historikerne er uenige om utstrekningen av sagatidens Nesjar. Slaget antas å ha stått i det sørvestre hjørnet av Brunlanes.
Kilder til slaget Saga om Hellige Olav, skrevet av Snorre Sturlasson, beskriver slaget ved Nesjar slik, i vers 46-55:
46. Svein jarl samla ein her i heile Trondheim strakst etter jol og baud ut leiding og budde skipi sine. Paa den tid var de mange lendmenn i Norig, og mange av deim var megtuge, og so storætta, at dei var ætta fraa kongar eller jarlar, og berre nokre faa led imillom, og grunnrike var dei med. Kongane og jarlane, som raadde for lande, studde seg paa lendmennane, for di at i kvart fylke var de liksom lendmennane raadde for bondefolke. Svein jarl heldt seg til vens med lendmennane, og han hadde lett for aa faa folk. Einar Tambeskjelvar, verbror hans, var med han, og mange andre lendmenn, og mange som fyrr um vetteren hadde gjort eiden sin paa at dei skulde vera kong Olav true, baade lendmenn og bøndar. Strakst dei var ferdige, fór dei ut etter fjorden og siglde søretter langs med lande og samla folk fraa kvart fylke. Daa dei kom utanfor Rogaland, kom Erling Skjalgsson imot deim med ein stor her, og mange lendmenn fylgde med, og no styrde dei med heile heren aust til Viki. De var paa slutten av langefasta, daa Svein jarl siglde inn i Viki. Jarlen styrde inn um Grenmar og lagde seg ved Nesjar.
47. Samstundes siglde kong Olav ut-etter Viki med heren sin, og no var de ikkje langt imillom deim, og laurdagen fyri palmesundagen visste dei um kvarandre. Kong Olav hadde eit skip som heitte Karlhovde, og paa framstamnen var de utskori eit kongshovud, som han hadde skori sjølv. Dette hovude hadde dei lengi etter paa dei skipi som hovdingar styrde.
48. Sundagsmorgon, strakst de vart ljost av dagen, stod kong Olav upp og klædde paa seg og gjekk i land, og lét blaasa heile heren til landgang. Daa heldt han ei tale til heren og sagde til aalmugen, at han hadde spurt at de ikkje var langt imillom honom og Svein jarl. «No skal me bu oss til,» segjer han, «for de vert ikkje lengi, fyrr me møtest. No skal alle væpna seg og bu til baade seg og rome sitt, der som dei skal vera, so alle kan vera ferdige, naar eg blæs til aa leggja fraa land; lat oss so ro alle paa ein gong, og ingin skal fara fyrr heile floten fer, og ingin skal verta etter, naar eg ror ut or hamni, av di me ikkje kan vita um me raakar jarlen der han ligg no, eller um dei fer imot oss. Men naar de ber ihop med oss, og slage tek til, so skal folke vaart samla alle skipi og vera reiduge til aa binda deim ihop. Lat oss liva oss i fyrstningi og agta paa vaapni vaare, so me ikkje kastar deim i sjøen eller slengjer deim burt til unyttes. Men naar slage vert kvast og skipi er ihopbundne, daa skal De ganga hardt paa og slaast paa kara-vis.»
49. Kong Olav hadde eit hundrad mann paa skipe sitt, og alle desse hadde ringbrynjur og valske hjelmar; dei fleste av mennane hans hadde kvite skjoldar, med den heilage krossen paa av gull, men sume hadde maala han med raud eller blaa farge; han lét maala ein kross paa panna paa alle hjelmane og, med kvit farge. Han hadde eit kvitt merke, som var ein orm. No lét han halda messe aat seg, og sidan gjekk han um bord paa skipe sitt og bad mannskape eta og drikka noko. Deretter lét han blaasa til slag og leggja ut or hamni, og so rodde dei stad og leita etter jarlen. Daa dei kom utanfor den hamni som jarlen hadde legi i, var mannskape til jarlen væpna og etla seg nett til aa ro ut or hamni; men daa dei saag kongs-floten, tok dei til aa binda ihop skipi og sette upp merki og stelte seg til. Daa kong Olav saag dette, rodde mannskape hans fram, og kongen lagde seg mot skipe til jarlen, og dermed tok slage til. Dette fortèl Sigvat skald, og han segjer at kong Olav styrde til slage, og at Svein laag i hamni fyriaat. Sigvat skald var med i slage, og han dikta um sumaren, strakst etter slage, ei vise som heiter Nesjevisune, og der fortèl han grant um desse hendingane. Slage var overlag kvast, og de var ei lang stund ein ikkje kunde sjaa kor sigeren vilde snu seg. De fall mange paa baae sidur, og mange vart saara. Dette fortèl Sigvat. Jarlen hadde meir folk, men kongen hadde utvalt mannskap paa skipe sitt, som hadde fylgt han paa herferd, og dei var so ypparleg væpna, som me fyrr hev fortalt, at kvar mann hadde ringbrynju, so dei ikkje vart saara. So segjer Sigvat:
Daa gneistande sverdi glumde, glad saag eg svale brynjur oss um aksline falla i utvalde kongens fylgje; og for spjoti som sjoga mitt svarte haar eg gøymde vel under valske hjelmen; min ven! slik var vaar bunad.
50. Daa mannskape tok til aa falla paa jarls-skipi og sume vart saara, og de tok til aa tynnast av paa skipsbordi so fór mennane til kong Olav til aa ganga upp, og merke vart bori upp paa de skipe som var næmast jarls-skipe, og kongen sjølv fylgde merke. Dette fortèl Sigvat. De vart eit hardt slag, og de fall manntjukt for Svein, og sume sprang yvi bord. So segjer Sigvat:
Vreide gjekk me veldugt, medan vaapni braka høgt, i stormlaup upp paa skuta, kløyvde skjoldrand med blodute sverd. Men saara, der me slost, i sjøen bøndane sprang, Fagre skip me fekk; no flyter lik ved strandi.
Og deretter dette:
Folki fekk vaare skjoldar farga raude i striden, dei som dit kom kvite; for drengine nok var de utsynt. Eg veit av at unge gramen uppgang gjorde paa skipe; men etter me fylgde, der eggjar øyddest, og ramnane fagna.
Daa vart de mannspille i heren til jarlen. Kongsmennane gjorde stormlaup paa jarls-skipe, og de var nære paa at dei hadde komi upp paa skipe. Men daa jarlen saag kva naud han var komin i, ropte han til stamnbuane, at dei skulde kappa togi og løysa skipi, og dei so gjorde. Daa tok kongsmennane og kasta stamnljaa-ar um kollarane og heldt deim fast. Daa sagde jarlen at stamnbuane skulde hogga av kollarane, og dei so gjorde. Dette fortèl Sigvat. Einar Tambeskjelvar hadde lagt sitt skip paa sida av jarls-skipe, og mannskape hans kasta eit anker upp iframstamnen paa jarls-skipe, og soleis kom dei seg alle ihop ut paa fjorden. Etter dette flydde heile jarls-heren og rodde ut paa fjorden. Berse Skaldtorveson var i fyri-rome paa skipe hans Svein jarl, og daa skipi seig framum kongsfloten, sagde kong Olav høgt, daa han kjende Berse, — og han var lett aa kjenna, av di at han var vænare enn andre menn og hadde framifraa vaapn og klæde: «Far vel, Berse,» sagde han. «Far vel, konge,» svara han. So segjer Berse i ein flokk, som han dikta daa kong Olav hadde fengi han i si magt og han sat i lekkjur:
Drengen i skaldskap drivin, denne, bad vel du fara, og eg de same fekk svara snarpe, raadsnare hovding. Hastverk eg hadde, og ordi som hand-rauste, ættstore konge meg sende, attende eg selde slike som eg deim kaupte. Svein eg fylgde i slage og saag hans røynetak store, daa bjarte sverdtungur svale song med kvasslydt mæle; aldri ut eg sidan, orlogsfarar! fylgjer i herferd nokon hovding hævare enn denne. I aar eg ligg i lekkjur lengi i skipe de store. Sverd-svingar! fritt eg segjer: so smaa eg bryt meg aldri, hirdmilde her-konge! for deg, at holle venir eg sviker; millom deim din motmann eg møtte i min ungdom.
51. No flydde sume av mennane til jarlen upp i lande, og sume bad um liv og fred. Svein jarl og alle hine rodde ut paa fjorden og lagde skipi sine ihop, og hovdingane samsnakka, og jarlen spurde lendmennane til raads. Erling Skjalgsson talde til at dei skulde sigla nord i lande og faa seg folk og slaast med kong Olav ein gong til. Men daa dei hadde mist mykje folk, talde dei fleste til at jarlen skulde fara ut or lande til sviakongen, verfar sin, og faa folk derfraa, og Einar Tambeskjelvar studde denne raadi, daa han totte at dei hadde ingi magt til aa slaast med kong Olav daa. Soleis skildest heren deira, og jarlen siglde sør um Foldi, og Einar Tambeskjelvar fylgde med han. Erling Skjalgsson og mange andre lendmenn, som ikkje vilde røma fraa odelen sin, fór nord til heimen sin, og Erling hadde mykje folk um seg um sumaren.
52. Daa kong Olav og mennane hans saag at jarlen hadde lagt ihop skipi sine, eggja kong Sigurd Syr til at dei skulde leggja mot jarlen og slaast paa kniven. Kong Olav sagde at han fyrst vilde sjaa kva jarlen etla seg til, um flokken heldt seg samla, eller heren skildest ifraa han. Sigurd svara, at han fekk raada som han vilde: «Men de er no min tanke,» segjer han, «at med ditt huglynde, og so sjølvstyrin som da er, vil du seint faa desse stor-kultane true mot deg, daa dei alt fyrr er vande til aa trassa mot hovdingane.» De vart ikkje noko av med aa taka paa deim heller, og dei saag snart at jarlsheren skildest aat. Daa lét kong Olav rannsaka der dei fallne laag, og laag nokre dagar der og skifte herfange sitt. Daa kvad Sigvat skald:
Eg meiner at heller mange av mennom, som nordfraa siglde i herferd, i harde striden heimferds-voni miste. Fraa sjøhestar saman bundne sokk mang ein mann til botnar; sant de er aa segja, at Svein me møtte ute.
Og so dette:
Kongens avl no aukast, for Upplands-menn vil hjelpa denne sjøkonge daadug; de du, Svein, fekk finna. Heinine sverdi svinga og synte at dei kunde anna og meir evla enn øl hjaa kongen aa drikka.
Kong Olav gav kong Sigurd Syr, stykfar sin, gode gaavur, daa dei skildest, og likeins dei andre hovdingane som hadde hjelpt han. Han gav Kjetil fraa Ringnes ei femtantofta skute, som Kjetil førde uppetter Raumelvi og alt upp i Mjøsi.
53. Kong Olav lét spæja etter, kor jarlen fór; men daa han spurde at jarlen var farin ut or lande, so fór han vestetter Viki, og de dreiv mykje folk til han. Han vart tekin til konge paa tingi, og soleis fór han alt til Lidandesnes. Daa spurde han at Erling Skjalgsson hadde samla mykje folk, og difor tøvra han ikkje paa Nordagdir, daa han fekk strjukande bør, men skunda seg nord til Trondheim de meste han kunde, av di han totte at der var stormagti i lande, um han kunde faa lagt de under seg medan jarlen var burte fraa lande. Daa kong Olav kom til Trondheim, gjorde dei ikkje motstand imot han, og han vart tekin til konge der. Um hausten sette han seg til i Nidaros og vetterstelte seg der og lét byggja ein kongsgard og reisa Klemenskyrkja, der som ho no stend. Han stakk ut tuftir til gardar og gav til bøndar og kaupmenn og andre, som han syntest, og som vilde byggja. Han sat der med mykje folk um seg, daa han ikkje leit vidare paa at trøndine vilde vera true mot han, um jarlen kom attende til lande, og inntrøndine synte dette mest, daa han ikkje fekk landskyld derifraa.