mini|Rano Kau frå vegen til Orongo som syner kløfta i kraterveggen. Rano Kau er ein 324 meter høg utdøydd vulkan som utgjer den sørvestlege delen av Påskeøya, ei chilensk øy i Stillehavet. Han vart danna av basaltisk lava i pleistocen og dei yngste bergartane er daterte til mellom 150 000 og 210 000 år sidan.
Krateret venstre|mini|Rapa Nui med Rano Kau og vulkanane Terevaka og Poike. I sør ligg ruinane ved Orongo og småøyane Motu Nui, Moto Kau Kau og Motu Iti. I nord ligg Mataveri lufthamn så byen Hanga Roa. Rano Kau har ein kratersjø som er ein av berre tre naturlege ferskvassjøar på øya. Det meste av ulkanen ligg ved kysten og har erodert til høge kystklipper, som ved eit punkt har starta å gå gjennom kraterveggen. På nordsida heller vulkanen ned mot Mataveri internasjonale lufthamn.
Rano Kau er ein verdsarvstad i Rapa Nui nasjonalpark og har òg gjeve namn til ein av sju delar av parken. Den viktigaste arkeologiske staden på Rano Kau er ruinane av den seremonielle landsbyen Orongo som ligg på ein stader der kystklippene og den indre kraterveggen møter kvarandre. Ein av fleire moai-statuar vart registert i klippene ved Rano Kau i 1880-åra, men denne hadde falle ned på stranda nedanfor då Routledge-ekspedisjonen vitja øya i 1914.
I tillegg til basalt består krateret av fleire andre vulkanske bergartar, som obsidian og pimpstein.
Krater er kring 1,5 km i diameter og har sitt eige mikroklima. Botnen ligg i le for vindane som gjev regn til restne av øya, og fiken og vindruer trives i Rano Kau.Flenley & Bahn 2003 The enigmas of Easter Island ISBN 0-19-280340-9 page 18 Den indre kratersida var den siste staden der toromiro-treet voks vilt, før det vart hogd ned og nytta som brensel i 1960.
mini|center|570 px|Kratersjøen i Rano Kau med Orongo lengst til høgre.
Geotermisk aktivitet Ein gong tidleg på 1900-talet tok bestyraren på øya eit bilete av damp som kom ut av kraterveggen.Dampsprekk i Rano Kau
Bakgrunnsstoff Rapa Nui nasjonalpark Rapa Nui National Park - UNESCO World Heritage Centre Guide to Easter Island from the Easter Island Foundation
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rano Kau» frå , den 17. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Katherine Routledge The Mystery of Easter Island (1919) ISBN 0-932813-48-8 VAN TILBURG, Jo Anne. 1994. Easter Island: Archaeology, Ecology and Culture. Washington D.C.: Smithsonian Institution Press.
Kategori:Påskeøya Kategori:Utdøydde vulkanar Kategori:Vulkanar i pleistocen Kategori:Vulkanar på Påskeøya Kategori:Kalderaer i Chile Kategori:Kratersjøar