Vrådal kyrkje er ei langkyrkje i Kviteseid kommune i Telemark.

mini|venstre|Gamlekyrkja i Vrådal, truleg den første åttekantkyrkja i Noreg

Dette er den tredje kyrkja i Vrådal, men dei to førre stod om lag 4 kilometer lengre aust, der den gamle kyrkjegarden framleis kan vitjast. Ei stavkyrkje vart der avløyst av ei åttekanta tømmerkyrkje i 1685 (innvigd 1686). Dette går for å vere den første åttekantkyrkja i landet, men ho vart riven i 1888, etter at den nye kyrkja vart teken i bruk.

Altartavle, preikestol og døypefont er overført frå gamlekyrkja.Nordbø, Halvor (1970): Vrådals gamle kyrkje. Serprent av Årbok for Telemark, 1970.

Vrådal kyrkje er sett i stand gjennom arbeid i løpet av 1990-talet og 2000-talet. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Kjelder

Kyrkjesøk – Vrådal kyrkje

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Kviteseid kommune om kyrkjene i kommunen

Lokalhistoriewiki

Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Kyrkjer i Kviteseid Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Kviteseid Kategori:Christian H. Grosch Kategori:1887 i Noreg