Lademoen kyrkje frå 1905 er i Trondheim kommune i Sør-Trøndelag. Kyrkja er ei slags krosskyrkje, men tverrarmane har ulik lengde, og møbleringa er som i ei langkyrkje. Kyrkja vart teikna av Ole Stein, og Ingvald Alstad var utførande arkitekt.

I 1954-56 var kyrkja stengd medan ho vart betre fundamentert. Interiøret vart endra ein god del i 1986, og kyrkja har vorte restaurert utvendig og innvendig på 2000-talet.

Mykje av det sentrale inventaret er på alder med kyrkja, men kyrkjesalen er møblert med stolar i staden for kyrkjebenkar. Orgelet frå 1905 vart restaurert til hundreårsjubileet i 2005.

Kyrkjegard med gravkapell er eit par hundre meter aust for kyrkja.

Bakgrunnsstoff

Wiki Strinda

Bakklandet og Lademoen kyrkjelydar

Fotnotar

Kategori:Kyrkjer i Nidaros Domprosti Kategori:Kyrkjer i Trondheim Kategori:Norske kyrkjer frå 1905 Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Trondheim