Anita Moen () er ein tidlegare langrennsløpar frå Trysil. Ho hevda seg mot verdseliten i langrenn gjennom fleire sesongar på 1990- og 2000-talet. Perioden 1993-2003 var ho med å vinne heile sju stafettmedaljar for Noreg i verdsmeisterskap og olympiske leikar, seks sølv og ein bronse. I individuelle tevlingar tok Moen to OL-bronsar, den eine på 15 km i 1998 og den andre i sprintøvinga i 2002 .

Aktiv Moen kom på niandeplass på både 5 km og 10 km då ho gjorde sin internasjonale meisterskapsdebut i ski-VM 1993 i Falun. Ho fekk der sin fyrste internasjonale meisterskapsmedalje då ho gjekk andreetappen for Noreg i 4x5 km stafett, eit lag som tok bronsen.

Under vinter-OL 1994 på Lillehammer kom Moen 3,4 sekundar for seint i mål til å ta medalje på 5 km og vart som beste norske løpar nummer fire. Sidan vart ho nummer åtte i jaktstarten og nummer ti på både 10 km og 30 km. På stafetten over 4x5 km gjekk ho Noreg inn til sølvmedalje, før henne hadde Trude Dybendahl, Inger Helene Nybråten og Elin Nilsen gått solide løp. Året etter, i 1995 i Thunder Bay, sørgde Moen for at det vart ny norsk sølvmedalje på stafetten då ho slo Sveriges Anette Fanqvist på målstreken. Her gjekk Marit Mikkelsplass startetappen i staden for Dybendahl, elles var dei andre dei same som i OL 1994.

Etter ein middelmåls 5 km under ski-VM i Trondheim fekk Moen ikkje plass på det norske laget i 4x5 km stafett. Derimot gjorde ho ei god tevling på den avsluttande tre-mila i VM, der ho kjempa om bronsemedaljen, men vart slått med nøyaktig to sekundar av bronsevinnar Marit Mikkelsplass. I dei olympiske leikane i Nagano i 1998 tok ho bronsemedaljen på 15 km og vart nummer sju på 5 km, før ho som ankerkvinne gjekk Noreg inn til OL-sølv på stafetten.

Også i ski-VM 2001 og i 2003 vart det stafettsølv på Moen, som begge gongane gjekk opningsetappen for Noreg. Det gjorde ho ikkje under vinter-OL 2002, der ho var Noregs ankerkvinne og måtte sjå seg slått på oppløpet av Tysklands Evi Sachenbacher, som gjekk inn til ein svært overraskande siger. I dei same olympiske leikane fekk Moen bronsemedaljen i den nye greina kalla sprint, eit løp over 1,5 km. Også der hadde ho Sachenbacher på plassen framfor seg, og der Julija Tsjepalova frå Russland vann med god margin.

Anita Moen, som ei tid var gift med den sveitsiske langrennaren Giachem Guidon, la opp etter 2003-sesongen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Ski-VM 1993 i Falun: Nr 8 på jaktstarten, bronsemedalje på stafetten Vinter OL 1994 på Lillehammer: Nr 4 på 5 km, sølvmedalje på stafetten Ski-VM 1995 i Thunder Bay: Nr 11 på jaktstarten, sølvmedalje på stafetten Ski-VM 1997 i Trondheim: Nr 5 på 30 km Vinter-OL 1998 i Nagano: Bronsemedalje på 15 km, sølvmedalje på stafetten Ski-VM 1999 i Ramsau: Nr 4 i 4x5 km stafett Ski-VM 2001 i Lahti: Sølvmedalje i 4x5 km stafett, nr 7 i sprint Vinter-OL 2002 i Salt Lake City: Bronsemedalje på sprint og nr 4 på 30 km, sølvmedalje på stafetten Ski-VM 2003 i Val di Fiemme: Sølvmedalje i 4x5 km stafett, nr 8 i sprint

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1988: Nr 4 på 5 km på Vang Ski-NM 1989: Nr 8 både på 5 km og 10 km på Geilo Ski-NM 1990: Nr 6 på 5 km på Gjøvik Ski-NM 1991: Ski-NM 1992: Nr 4 på 30 km i Trondheim Ski-NM 1993: Gullmedalje på 15 km, 30 km og jaktstarten Ski-NM 1994: Gullmedalje på 30 km på Koppang Ski-NM 1995: Gulmedalje på jaktstarten og sølvmedalje på 5 km i Oslo Ski-NM 1996: Gullmedalje på 5 km og i jaktstart, sølvmedalje på 30 km Ski-NM 1997: Gullmedalje på 5 km i Mo i Rana Ski-NM 1998: Gullmedalje på 30 km på Berkåk Ski-NM 1999: Sølvmedalje på 5 km, bronse på 15 km på Skrautvål Ski-NM 2000: Gullmedalje på 30 km, sølv på 15 km på Vang Ski-NM 2001: Sølvmedalje på 5 km i Steinkjer Ski-NM 2002: Gullmedalje på 15 km, bronse på 5 km på Høydalsmo Ski-NM 2003: Bronsemedalje på 5 km i Molde

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske trenarar Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Folk frå Trysil