Guttorm Berge () var ein norsk skirennar frå Vardal i Oppland. Han fekk OL-bronsen i slalåm under vinter-OL 1952 i Oslo. Berge representerte Vardal IL og seinare Gjøvik Skiklubb.

Karriere Berge var son til bondefolk på garden Melum i Vardal. I olympiaåret 1948 vart han norsk meister i utfor og i kombinasjonen. Sidan reiste han til USA og studerte ved eit college i Vermont, der han trena i lag med nokre av dei beste alpinistane i USA. Både i 1950 og 1951 vann han det såkalla Silver Belt, medan han i 1951 vart USA-meister i slalåm. Under verdsmeisterskapen i alpint i Aspen i delstaten Colorado i 1950 deltok Berge for Noreg og vart nummer åtte og beste nordmann i storslalåm.

Høgdepunktet som aktiv kom under vinterleikane i Oslo i 1952. Berge vann då bronsemedaljen i slalåm, der han sidan vart nummer 13 i storslalåm. To år seinare mislukkast han og køyrde ut i slalåmtevlinga i VM i Åre. Også under vinter-OL 1956 kom han aldri til mål, korkje i slalåm eller storslalåm. Derimot vart han i 1956 noregsmeister i nettopp dei same to disiplinane, åtte år etter han førre gongen vart norsk meister. Han la opp etter å ha vunne NM-gull i storslalåm i 1958.

Berge var busett på Høvik i Bærum, og døydde der.

Kjelder

Guttorm Berge i olympedia.org Denne artikkelen bygger på «Guttorm Berge» frå , den 2. mars 2014.

Kategori:Norske alpinistar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1956 Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Folk frå Gjøvik