Norsk institutt for skog og landskap var eit norsk forskingsinstitutt. Instituttet hadde ansvar for å skaffa kunnskap om areal, og forskar og formidlar om jord, skog, utmark og landskap.

Skog og landskap var eigd av Landbruks- og matdepartementet. Hovudkontoret deira ligg på Ås, og dei har regionskontor i Steinkjer, Tromsø og på Fana i Bergen. Det vart etablert i 2006 etter samanslåinga av Skogforsk og Norsk institutt for jord- og skogkartlegging. Instituttet hadde om lag 220 tilsette.

Norsk genressurssenter låg under Skog og Landskap, og var med å halda norske dyre- og plantesortar i hevd.

Bakgrunnsstoff Norsk institutt for skog og landskap

Kategori:Forsking i Noreg Kategori:Skipingar i 2006 Kategori:Forskingsinstitutt i Noreg Kategori:Nedleggingar i 2015