Nawa (arabisk نوى) er ein by i Syria som administrativt høyrer til Daraa guvernement. Han ligg 568 meter over havet og hadde i 2007 eit folketal på 59 170 i 2007, noko som gjer han til den 28. største byen i Syria.
I antikken høyrte byen Neve til den romerske provinsen Arabia Petraea.
Historie Nawa er definert som byen som Job budde i og gravstaden til Sem, sonen til Noa.Nawa, Zeyzoun and Assanamein Syria Gate.I følgje den arabiske geografen al-Muqaddasi er byen omtalt av Georg av Kypros («Descriptio orbis romani», ed. Heinrich Gelzer, 54) på 600-talet, og Revue biblique (III, publisert 625).Siméon Vailhé, «Neve» in Catholic Encyclopedia (New York 1911) Under det islamske kalifatet Rashidun, umayyadane, og abbasidane, var han ein del av Jund Dimashq og hovudbyen i Hauran. Al-Mas'udi skreiv i 943 at ein moske tileigna Job låg 5 km frå Nawa.le Strange, 1890, p.515 På 1200-talet vart byen mindre viktig og Yaqut al-Hamawi skreiv i 1225 at Nawa var «ein liten by i Hauran», tidlegare hovudstad i regionen. Han skreiv òg at grava til Job låg der.le Strange, 1890, p.427le Strange, 1890, p.516 I 1277 vart imam Yahya ibn Sharaf al-Nawawi, ein viktig muslimsk lærd, fødd i byen.Yahya ibn Sharaf al-Nawawi (d. 676/1277)
I 1596 stod Nawa oppført i osmanske skattelister som Nawi og var ein del av Jaydur nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 102 hushaldningar og 43 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 207.
Kyrkjehistorie Bispedømet Neve (Nawa) var eit underbispedøme under Bostra, metropolittsetet Arabia Petraea. To av biskopane er kjende: Petronius, som deltok på konsilet i Efesos i 431; Jobius, som deltok på kyrkjemøtet i Kalkedon i 451.
Isak, nemnt av Le Quien som ein tredje biskop, kring 540 (Oriens christiana, II, 864).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nawa, Syria» frå , den 19. april 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i Syria Kategori:Busetnader i Izra-distriktet Kategori:Katolske bispesete i Asia