Ludvig Kyhn () var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Eidsvoll.

Kyhn var son til ein lensmann. Sjølv vart han student i 1834 og cand.jur. i 1840. Allereie i 1836 fekk han seg arbeid som kopist i Kyrkjedepartementet, i 1843 fullmektig og året etter byråsjef i same departmentet og til sist, 1847, ekspedisjonssekretær. I 1856 vart han utnemnd til amtmann i Hedmark og frå 1865 også den fyrste stiftamtmann i Hamar stift.

Kyhn representerte mjøsbyane, Hamar, Lillehammer og Gjøvik, på Stortinget frå 1871-79. Heile tida på Tinget var han medlem av Konstitusjonskomiteen og av Lagtinget. I 1858 var han medlem av skulelovskommisjonen som leia fram til skulelova av 1860. Kyhn vart i 1879 utpeika til leiar av ein kongeleg kommisjon vedkomande leiglendingvesenet. Elles var han 1883-90 formann i tilsynskommisjonen for jarnbanen Eidsvoll-Tynset.

Han døydde på Hamar i 1890, etter 34 år i amtmannsembetet.

Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Norske amtmenn Kategori:Fylkesmenn i Hedmark Kategori:Folk frå Eidsvoll Kategori:Folk frå Hamar