«Jacky» (La chanson de Jacky) er ein song skriven av den belgiske songar-låtskrivaren Jacques Brel og Gérard Jouannest. Brel spelte inn songen den 2. november 1965 og gav han ut på albumet Ces Gens-Là i 1966. Songen vart omsett frå fransk til engelsk og kalla «Jackie».

Songen har blitt spelt inn av mange andre artistar, særleg i Europa. I USA vart songen populær då han vart nytta (som «Jackie») i off-Broadway-revyen Jacques Brel is Alive and Well and Living in Paris, som opna den 22. januar 1968.

Scott Walker

«Jackie» vart spelt inn og gjeven ut av den amerikanske songar-låtskrivaren Scott Walker som den første solosingelen hans i 1967. Walker spelte inn omsetjinga til Mort Shuman. Akkompagnementen vart dirigert av Wally Stott.

Singelen vart kontroversiell i Storbritannia på grunn av tekstlinjer som «authentic queers and phony virgins» og narkotikareferansar. Songen vart bannlyst av BBC og ikkje spelt på TV eller radio. Songen vart framført på andre kanalar som Frankie Howerd-programmet Howerd's Hour, der Walker dansa komisk under framføringa.

«Jackie» vart ein moderat hit og låg ni veker på UK Singles Chart med 22. plass som høgste plassering i januar 1967. Året etter vart han nytta som opningsspor på Walker-albumet Scott 2.

Singelen inneheld den einaste B-sida til Walker som ikkje finst på noko album. Akkompagnementet for «The Plague» vart dirigert av Peter Knight i eit uvanleg arrangement med gitar og kvinnelege koristar.

Innhald

Andre innspelingar

I 1977 vart Jacky (kalla «Jackie») spelt inn av Peter Straker på albumet hans This One's On Me, som vart samprodusert i lag med den nære venen hans Freddie Mercury. Han har sidan spelt inn songen ein gong til i 2012 og for sceneshowet Brel.

I mai 1986 gav Momus it ein versjon av songen, kalla «Nicky» etter fornamnet til songaren, som tittelsporet på ein EP med tre songar av Brel.Momus: Discography

I 1991 spelte Marc Almond inn ein versjon av Brel-songen for albumet Tenement Symphony, og gav han ut som ein singel som nådde 17. plass i Storbritannia og 14. plass i Irland.

I 2012 samarbeidde Secret Chiefs og Mike Patton under namnet Traditionalists på ei innspeling av denne songen for etiketten Mimicry.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jacky (song)» frå , den 1. mai 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Jacques Brel-songar Kategori:Songar skrivne av Jacques Brel Kategori:Franskspråklege songar Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Scott Walker-songar