Scott 3 er det tredje soloalbumet til songaren og låtskrivaren Scott Walker.

Då det kom ut i 1969 selde det tregare enn dei førre albuma hans, sidan pop-publikummet strevde med å henge med på eksperimenta til Walker. Dei fyldige strykearrangementa til Wally Stott verka å skape ein Vegas-aktig atmosfære som smørsongar på bar, men med hint av surrealistiske tonar og ein snert av dissonans.

Sidan det kom ut har det vert rekna som favorittalbumet til mange Walker-fans. Tittelen på samleplata Fire Escape in the Sky: The Godlike Genius of Scott Walker er henta frå teksten i songen «Big Louise», og dokumentaren frå 2006, Scott Walker: 30 Century Man, er kalla opp etter etter «30 Century Man».

Ein coverversjon av «30 Century Man» av Jigsaw Seen vart nytta i animasjonsfilmen Futurama: Bender's Big Score.

Dei siste tre spora på albumet er innspelingar av songar av Jacques Brel.

Innhald

Den originale amerikanske Smash-utgåva hadde ikkje med «30 Century Man», og erstatta denne med «Lights of Cincinnati», som ikkje var med på den britiske versjonen av albumet. Dei to utgåvene hadde òg forskjellig plateomslag.

Medverkande Scott Walker - vokal Wally Stott - Arrangert og dirigerte alt utanom «30 Century Man» og «Funeral Tango» Peter Knight - Arrangerte og dirigerte «Funeral Tango»

Lister Liste PlasseringUK Albums Chart 3

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Scott 3» frå , den 1. mai 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Scott Walker-album Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Philips Records-album Kategori:Fontana Records-album Kategori:Album dirigerte av Wally Stott Kategori:Album arrangerte av Wally Stott Kategori:Album dirigerte av Peter Knight Kategori:Album arrangerte av Peter Knight