MF «Kinsarvik» er ei bilferje levert frå Brødrene Lothe i Haugesund i mai 1963 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Ho gjekk i ruta Kinsarvik-Utne-Kvanndal fram til 1968.
Historie I april 1988 vart ferja selt til Simon Møkster i Stavanger og omdøypt «Vikingfjord». I november same året vart ho seld til Spania og Smeaton International Corp. som var registrert i Panama og fekk namnet «Dona Elvira». I juni 2008 vart ho overført til Carmicargo Iberica i Madrid/Panama og var framleis i fart i 2011.
3. mai 2004 segla ferja ut frå Lagos i Nigeria med 340 liberiske flyktningar, som kvar hadde betalt 150 dollar for å kome heim att til Liberia etter at regimet til den tidlegare presidenten Charles Taylor kollapsa.. Skipet drev 210 kilometer 40 km utanfor kysten av Elfenbeinskysten havarerte båten og dreiv 210 km ut i Atlanterhavet før det vart slept til hamn i Abidjan i Elfenbeinskysten av det franske militærfartøyet «Le Henaff». Turen som skulle ta tre dagar hadde då tatt tre veker og forholda for passasjerane ombord skal ha vore særs ille.Om Dona Elvira og havariet i Afrika - BBC Den vidare lagnaden til skipet er ukjend.Biletrapport frå hendinga..
Kjelder Skipet.no Kinsarvik på Fjordfähren (tysk)
Kategori:Norske ferjer Kategori:Båtar frå Rogaland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1963 Kategori:Skip bygde ved Brødrene Lothe Kategori:1963 i Noreg