mini|Peter Collett, den eine av dei to som skipa Collett & Leuch. Collett & Leuch var eit norsk handelshus i Christiania, skipa før 1716 av Peder Mortensen Leuch (1692–1746) og Peter Collett (1694–1740). Firmaet endra namn til Collett & Søn i 1786.
Handelshuset hadde store interesser i trelasteksport og åtte skogområde og sagbruk i tillegg til industri. Ved Akerselva dreiv dei mellom anna Glads mølle og Bentse Brug i åra 1748–1789/1798.
Firmaet var og med blant dei som gav pengar slik at det vart mogleg å skipa Det Kongelige Frederiks Universitet - Universitetet i Oslo.
Drifta ved Collett & Leuch opphøyrde i 1821.
Kjelder
Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, side 130, ISBN 978-82-573-1760-7 Alf Collett: Familien Collett, efterretninger digital utgave, bl.a. s.16 Alf Collett: En gammel Christiania-Slægt, Christiania, Cammermeyer 1888. Denne artikkelen bygger på «Collett & Leuch» frå , den 17. mai 2014, revisjon
Kategori:Tidlegare føretak i Oslo Kategori:Tidlegare norske føretak Kategori:Føretak nedlagde i 1821 Kategori:1700-talet i Oslo