Helgen kyrkje er ei lafta langkyrkje frå 1735 i Nome kommune i Telemark.

Helgen gamle kyrkje Kyrkja avløyste ei stavkyrkje frå omkring 1200 som var vigd til Heilag-Olav.S. Ytterbøe: Holla – historisk skildring av bygda og dens utvikling, Oslo 1925. Denne kyrkja var mørk og utan omn, og hadde plass til berre om lag 80 personar. Etter reformasjonen var kyrkja rekna som krongods, og i 1723 vart ho som andre kyrkjer seld på auksjon av kong Fredrik IV. Justistråd Herman Leopoldus tok over i 1734, og han fann at kyrkja var so forfallen at ho ikkje lot seg reparere. Ho vart riven året etter.

Helgen kyrkje Den nye kyrkja stod ferdig i 1735 med lafta skip og kor. Midt på skipet var ein takryttar med to klokker som var overført frå gamlekyrkja. Framfor inngangen var eit lite bislag. Inventar som preikestol, døypefont, messehakel og ljosestaker var òg overført frå gamlekyrkja. Forfattaren Conrad Nicolai Schwach har skildra kyrkja som «...en træbygning, der mere ligner en stald end et Gudshus og er formodentlig den uanstendigste Kirke i Landet».Henriksveen (1986), s. 97.

Restaureringar Kyrkja stod meir eller mindre uendra til ho vart restaurert i 1868, året etter at kommunen tok over eigarskapen. Då vart takryttaren og det vesle bislaget fjerna, og tårnet vart oppført. I 1875–76 fekk kyrkja sakristi, og innerveggane fekk panel. Kyrkja fekk nye vindauge og dører og eit galleri i vest. Kyrkja fekk ein ny og enkel preikestol, medan den gamle frå stavkyrkja kom i privat eige og var øydelagd.Ytterbøe, op.cit. Dessutan fekk ho nye, opne kyrkjestolar og ein trekross som altartavle. Krossen vart bytta ut med ei ny tavle måla av Terje Grøstad til 250-årsjubileet i 1985. Grøstad måla evangelistbilete på preikestolen ved same høve.

Kjelder

Holla og Helgen kyrkjelyd

Denne artikkelen bygger på «Helgen kirke» frå , den 30. mai 2014.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Gamle bilete i Digitalt museum

Arkivverket: Prestegjeld og sogn i Telemark

Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Kyrkjer i Nome Kategori:Norske kyrkjer frå 1730-åra Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Nome