Bø gamle kyrkje er ei langkyrkje frå 1100-talet i Midt-Telemark kommune. Kyrkja er av stein og har om lag 150 sitjeplassar.Kyrkjesøk Det rett avslutta koret fekk etter kvart apsis i aust. Våpenhuset er frå 1600-talet.

Som andre gamle kyrkjer har denne vore utsett for endringar, men dei har vore moderate. Mellom anna er sørportalen mura att, og vindauge har vorte utvida. Kyrkja vart avløyst av Bø nye kyrkje i 1875, men ein har likevel teke vare på gamlekyrkja.

mini|venstre|Altaret i kyrkja. Runerebusen er synleg på treplanka med holet på veggen til høgre. Ei likeins planke med hol og runer finst på veggen til venstre.

Inventaret er for ein stor del frå 1600-talet. Galleriet (i vest og nord), altartavla og preikestolen er alle frå 1650-åra og vart måla i 1685–87. Galleriet har ni biletfelt med bibelske motiv. Altartavla synar Jesu dåp, nattverda, krossfestinga og Kain og Abel si ofring. Ein del av det opphavlege mellomalderaltaret er bevart i preikerommet ved inngangen. Preikerommet har to høgder med benkar, og ei tropp opp til loftet. Balkongen er pryda med ymse motiv frå bibelen, særleg dei som handlar om Jesus. Innskrifter i kyrkja mini|venstre|Runerebusen

Kyrkja har fleire runeinnskrifter, mellom anna ein rebus, der ein må gjette runenamn og setje linjene saman baklengs for å få eit namn av kvinna som runerissaren er forelska i. Det er ikkje berre det einaste døme i verda på ei runeinnskrift der runenamna vert beskrivne med gåter brukt i runepoemmanuskripta, men au det einaste døme på praktisk bruk av slike gåter.R. Øystein (2014). Telemarks historie før 1814R.I. Page (1999). The Icelandic rune-poemK. Püttsepp (2003). Kjærlighet på pinne - Vertshusinnskrifter fra norske middelalderbyerJ.E. Knirk (2017). Love and Eroticism in Medieval Norwegian Runic Inscriptions

Ved å lesa linjene oppover, får ein fylgjande runer (som tilsaman dannar namnet Gudrun): ᚴ (sótt er barna) ᚢ (fjón svínkanda) ᚦ (fjalls íbúi) ᚱ (hests ærfaði) ᚢ (auk høys víti) ᚿ (þræls vansæla)

Delen av innskrifta som har med gåter:Normalisert tekst: Det er au fleire andre innskrifter i kyrkja skrivne med andre slags alfabet. På ein vegg ved altaret vart det under ei oppussing oppdaga ei uleseleg innskrift på gresk. Bak altaret er det med kol, kritt og kniv skreve namn av mange prestar og kyrkjetenarar som har jobba i kyrkja gjennom åra.

Fotnotar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kunsthistorie.com Bø kyrkjelege fellesråd Artemisia.no

Kategori:Kyrkjer i Midt-Telemark Kategori:Kyrkjer i Øvre Telemark prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Midt-Telemark Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Telemark