Khirbet Tin Nur (arabisk خربة تين نور, òg skrive Khirbat at-Teen Nour) er ein by sentralt i Syria i Homs guvernement, vest for Homs. Av stader i nærleiken finn ein Homs i aust, Qattinah i søraust, Khirbet al-Sawda i sør, Khirbet Ghazi i sørvest, Khirbet al-Hamam i vest, Umm al-Adam i nordvest og Khirbet Tin Mahmoud i nord. I følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS), hadde Khirbet Tin Nur eit folketal på 2 726 i 2004. Han er det administrative senteret i ein nahiyah («underdistrikt») som består av 43 stader med eit samla folketal på 52 879 i 2004.Folketeljing 2004 . Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. Byen dekkjer eit areal på 163 hektar.
Namnet på byen tyder «Ruinane av fikenane til Nur», har opphavet sitt i gamlebyen som var kjend for dei mange fikenhagane. Dei fleste trea har sidan blitt fjerna og gamlebyen er i dag dekt av kratt. Den moderne byen vart bygd sør for ruinane. Tidleg i 1960-åra vart husa i Khirbet Tin Nur bygde i basaltisk lavastein.Boulanger, 1966, s. 355.
I følgje den sveitiske forskaren Max van Berchem tidleg på 1900-talet låg ruinar av ei arabisk festning frå mellomalderen like utanfor Khirbet Tin Nur.Hunyadi, s. 73. Denne festninga finst ikkje lenger i dag.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Khirbet Tin Nur» frå , den 7. juni 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Homs-distriktet Kategori:Byar i Syria