1825 (romartal MDCCCXXV) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen.

Hendingar

Utlandet 26. oktober: Den 544 km lange Eriekanalen, som forbind Niagaraelva med Hudsonelva i USA, opna for trafikk. 14. desember: I St. Petersburg, hovudstaden i Russland, innleidde unge offiserar ein oppstand mot tsarstyret. Det vart slått ned same dag, og leiarane blei hengde eller sende til Sibir.

Ohio-kanalen vart groven ut i USA. Som den fyrste isolerte H.C. Ørsted grunnstoffet aluminium.

Noreg 4. juli: Sluppen «Restauration» la ut frå Stavanger med den fyrste gruppa emigrantar til USA, leia av Cleng Peerson. 9. november: Falskmyntaren Jens Amundsson Fenstad vart halshogd i Bergen. 27. november: Folketeljing, 1 051 318 innbyggjarar i Noreg

Fødde mini| Hans Gude, fødd 13. mars 1825.

13. mars: Hans Gude, norsk målar 4. april: Christian Havig, norsk lensmann og politikar 4. mai: Thomas Huxley, britisk biolog 30. mai: Theodor Kjerulf, norsk geolog 10. juni: Sondre Norheim, norsk skipioner 28. juni: Emil Erlenmeyer, tysk kjemikar 24. oktober: Carl Anton Bjerknes, norsk fysikar og matematikar 30. november: William Bouguereau, fransk målar 2. desember: Peter II av Brasil, keisar av Brasil

Døde

3. februar: Henric Schartau, svensk prest, grunnleggar av schartauanismen 7. mai: Antonio Salieri, italiensk komponist 9. mai: Karl Pontus Gahn, svensk soldat 15. juli:r David Ochterlony, angloindisk soldat 14. november: Jean Paul, tysk forfattar 1. desember: Alexander I av Russland, russisk tsar 29. desember: Jacques-Louis David, fransk målar