1831 (romartal MDCCCXXXI) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen og på ein torsdag i den julianske.

Hendingar mini|Slaget ved Ostrołęka under Novemberopprøret. mini|Akklamasjon for Pedro II som ny keisar av Brasil. Måleri av Jean-Baptiste Debret. Utlandet 25. januar: Novemberopprøret. Riksdagen i Warszawa erklærte Polen som ei sjølvstendig land. Det førte til krig mot Rusland som hadde overherredømme i lande. I oktober det året blei frigjeringsrørsla slått ned, og Polen fortsette å vera underlagd Russland. 3. mars: Tiandekrigen, eit opprør mot betaling av tiande til det anglikanske presteskapet, braut ut i Irland. 10. mars: Den franske framandlegionen blei oppretta av kong Ludvig Filip av Frankrike 7. april: Keisar Pedro I av Brasil abdiserte til fordel for sonen sin, fem år gamle Pedro II. 21. juli: Kroninga av den første belgiske kongen, Leopold av Belgia. 7. november: Slavehandel blei forbode i Brasil. 19. november: Gran Colombia blei oppløyst og erstatta med Nye Granada, Ecuador og Venezuela.

Fødde

17. april: Hans Rasmus Astrup (1831–1898), norsk næringsdrivar og politikar 28. mai: Ferdinand Roll, norsk embetsmann og politikar 13 juni: James Clerk Maxwell, britisk matematikar og fysikar 18. juni: Peter Nicolai Arbo, norsk målar 17. juli: Xianfeng, den sjuande Qing-keisaren av Kina 22. juli: Keisar Komei av Japan 15. august: Mária Lebstück, ungarsk husaroffiser 26. desember: Johannes Harbitz, norsk skipsreiar og politikar

Døde

25. juli: Maria Szymanowska, polsk pianist og komponist 14. november: Friedrich Hegel, tysk filosof Ignaz Pleyel, austerriksk-fransk toneskapar 16. november: Carl von Clausewitz, preussisk general og krigsfilosof 23. desember: Emilia Plater, polsk-litauisk opprørar