Susan Te Kahurangi King () er ein newzealandsk kunstnar som blei internasjonalt kjend i 2009.

King vart fødd i Te Aroha i 1951, som det andre av 12 barn. Som fireåring byrja ho mista evna til å snakke, og då ho var åtte hadde ho heilt slutta å snakke. Ho fekk aldri ein formell diagnose, men då ho var vaksen byrja syskena å sjå likskapar med symptom på autisme.

King teikna "utan avbrot" frå ho var fire og til ho var 26, gjerne Disney-inspirerte figurar og optiske mønster, og brukte penn, blekk, grafitt og fargeblyantar. Deretter slutta ho brått. Familien hennar tok vare på alt ho hadde laga, 4000 teikningar, i håp om at ho skulle byrje igjen.

I 2006 byrja regissøren Dan Salmon på ein dokumentarfilm om henne, og viste arbeidet hennar til kuratorar. Den påfølgjande rosen og begeistringa førte til at King byrja å teikne igjen etter eit avbrot på tjue år. I oktober 2009 hadde ho si første soloutstilling, på Peter Fay Gallery i Sydney. I 2013 blei verka hennar viste ved den prestisjetunge Paris Outsider Art Fair. I 2015 hadde ho si første soloutstilling i USA, Drawings from Many Worlds ved Andrew Edlin Gallery i New York. I juli 2016 hadde ho si første museumsutstilling ved Institute of Contemporary Art i Miami. I 2017 hadde ho utstillingar ved Marlborough Contemporary i London og Robert Heald Gallery i Wellington på New Zealand.

Kjelder

Kategori:Newzealandske kunstnarar