mini|Moland prestegard i Fyresdal mini|Moland kyrkje og prestegard i 1829, teikna av Simon Olaus Wolff Moland prestegard eller Fyresdal prestegard (gnr. 36) ligg like nordaust for Moland kyrkje i Fyresdal kommune. Namnet Moland vart før nytta også om kommunen.
Prestegarden har ei lang historie, og ein trur at kyrkjesteden vart flytta til prestegarden på 1300-talet. På 1700-talet var dei gamle prestegardsbygningane svært medtekne, og nye bygningar vart oppført mot slutten av århundret etter mønster frå Kviteseid, der den gamle prestegarden hadde brunne på 1700-talet. Ei rekkje av bygningane, også hovudbygningen, har vorte skifta ut også på 1800-talet og seinare.Lokalhistoriewiki, som er hovudkjelde til framstillinga her.
Jorda er etter kvart fradelt og lagt under nabogardane, og prestegardsanlegget består av hovudbygning med garasje, hage og stabbur, medan driftsbygningen har vorte seld saman med jorda. Som ved ei rekkje andre prestegardar har stabburet vore nytta som kornkammer for lokalsamfunnet. I seinare år har Opplysningsvesenets fond leigd ut prestegarden til Fyresdal gjestegard.Nettstaden til gjestegarden er ute av drift per 2014.
Jon Lauritz Qvisling var prest i Fyresdal i 1879–1893, og sonen Vidkun Quisling budde på prestegarden dei første seks leveåra.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Moland prestegård (Fyresdal)» frå , den 4. juli 2014.
Bakgrunnsstoff
Opplysningsvesenets fond om prestegarden
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Byggverk i Fyresdal Kategori:Gardar i Telemark