Tubna (arabisk تبنة, òg skrive Tibna eller Tebnah) er ein landsby sør i Syria i Daraa guvernement i Hauran-området. Han ligg 58 km sør for Damaskus og 42 km frå Daraa.

Historie Yaqut al-Hamawi noterte i 1220-åra at Tubna var «ein by på Hauran som høyrte til provinsen Damaskus.»le Strange, 1890, s. 546

I 1596 var Tubna oppført i osmanske skattelister som Tibna og var ein del av Bani Kilab nahiya i Hauran qada. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad som bestod av 30 hushaldningar og 25 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og bikubar.Hütteroth og Abdulfattah, 1977, s. 209.

Demografi I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Tubna eit folketal på 1 272 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. Dei fleste er kristne og følgjer den melkittiske kyrkja (bysantinsk). Det vanlegaste språket er arabisk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tubna» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff www.khabab.net

Kategori:Busetnader i Al-Sanamayn-distriktet Kategori:Landsbyar i Syria