Sheik Yerbouti er eit dobbelt konsertalbum med somme studioopptak av Frank Zappa som er spelt inn i 1977 og 1978. Det vart gjeve ut 3. mars 1979 som den første utgjevinga på Zappa Records.

Bakgrunn Sheik Yerbouti presenterer eit stort vendepunkt i karrieren til Zappa. Det var det første albumet som vart gjeve ut på hans eige selskap etter han drog frå Warner Bros. Records, og la meir vekt på den komiske sida av tekstane hans enn tidlegare, og byrja ein periode med auka platesal og meir merksemd i media. Sheik Yerbouti er det mestseljande albumet til Zappa med over to millionar selde eksemplar verda over.

Inspirasjon Tittelen er eit ordspel: Zappa er avbilda på omslaget i arabisk hovudpryd, og namnet som, som er meint å likne arabisk transkripsjon, vert uttalt som tittlen på KC and the Sunshine Band sin discohit frå 1976, «Shake Your Booty».

Albumet bestod av satiriske og andre komiske og støytande tekstar. «Bobby Brown» er verdskjend, utanom i USA, der han vart bannlyst frå radio på grunn av den seksuelt ladde teksten. «I Have Been in You» gjer narr av Peter Frampton-hitten frå 1977, «I'm in You» og har òg ein seksuelt ladd struktur. «Dancin' Fool», som vart nominert til ein Grammy, vart ein populær discohit, trass i at han parodierer discomusikken. «Flakes», som handlar om motbydelege arbeidarar i California, inneheld ein parodi av Bob Dylan. «Jewish Princess», er eit komisk blikk på jødiske steroetypar, og fekk merksemd frå Anti-Defamation League, som Zappa nekta å unnskulde seg for, og hevda «I motsetnad til einhyrningar, finst slike skapningar - og dei fortener å bli 'feira' med sin eigen spesielle opus».The real Frank Zappa book

Somme av soloane til Zappa frå albumet starta som improvisasjonar over tidlegare musikk av Zappa. «Rat Tomago» var ei forkorta utgåve av «The Torture Never Stops», som opphavleg kom ut på Zoot Allures; «The Sheik Yerbouti Tango» var ein konsertversjon av «Little House I Used to Live In», opphavleg frå Burnt Weeny Sandwich. Songen «City of Tiny Lites» kom med ein animasjonsvideo laga av Bruce Bickford, og vart vist på Old Grey Whistle Test.

Skriving og innspeling Dei fleste av songane var konsertopptak, som så vart fiksa på i studio i ettertid. På kvar side av «Rat Tomago» ligg to korte stykke med musique concrète, laga av lydeffektar i studio og forskjellige musikalske fragment. Under innspelinga av «Rubber Shirt», kombinerte Zappa eit spor av Terry Bozzio som spelar trommer i ein musikalsk setting med ein av Patrick O'Hearn som spelar bass i ein heilt forskjellig musikalsk setting. Spora har forskjellig takt og tempo. Zappa omtalte denne teknikken som xenokroni. Nesten alle songane på albumet har spor lagt til i studio.

Albumet var òg kjend for å vere gjennombrotet for den kjende produsenten og lydteknikaren Joe Chiccarelli. I eit intervju med HitQuarters sa Chiccarelli: «[Zappa sin] lydteknikar kunne ikkje vere med på innspelinga så han tok ein sjanse på meg. Eg er så takknemleg for at han gav meg sjansen til å få denne karrieren».

Mottaking

Albumet fekk opphavleg middels kritikk, på grunn av dei kontroversielle tekstane. Albumet vart ein kultfavoitt blant fansen til Zappa. Songen «Bobby Brown» var særs populær i Skandinavia. Zappa var visstnok så forbløffa over dette at han bad CBS om å leige ein antropolog for å finne ut kvifor songen vart ein så stor hit.

Innhald

Medverkande

Musikarar Frank Zappa – Sologitar, vokal, arrangør, låtskrivar, produsent, miksing Adrian Belew – Rytmegitar, vokal, Bob Dylan-etterlikning Patrick O'Hearn – Bass, vokal Terry Bozzio – Trommer, vokal Davey Moire – Vokal, lydteknikar Ed Mann – Perkusjon, vokal Tommy Mars – klaverinstrument, korvokal Andre Lewis – klaverinstrument, korvokal Napoleon Murphy Brock – korvokal Randy Thornton – korvokal Peter F. Wolf – klaverinstrument, smør, Flora Margarine David Ocker – klarinett

Produksjon staff Bob Stone – Digital Remastering Joe Chiccarelli – Remixing, Overdub Lydteknikar Lynn Goldsmith – Fotografi Peter Henderson – Lydteknikar Bob Ludwig – Mastering Kerry McNabb – Lydteknikar Gail Zappa – Fotografi Amy Bernstein – Design Barbara Isaak – Assistent

Salslister Album - Billboard (Nord-Amerika) ÅrListePlassering1979Pop Albums21

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sheik Yerbouti» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Frank Zappa-konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1979