«Bobby Brown» eller «Bobby Brown (Goes Down)» er ein song av Frank Zappa på albumet Sheik Yerbouti frå 1979. Det er ein av hans mest kjende songar og var særs populær i Europa.

Songen skildrar ein velståande, kvinnehatande student kalla Bobby Brown, «the cutest boy in town» (den søtaste guten i byen), som har eit liv som er den erketypiske amerikanske draumen fram til eit traumatisk seksuelt møte med «Freddie», ei lesbisk kvinne involvert i kvinnefrigjeringsrørsla, som får han til å setje spørsmålsteikn ved sin eigen seksualitet. Han skjønar etter kvart at han er homofil og mot slutten av songen skildrar han seg sjølv som «sexual spastic» (seksuelt spatisk) som driv med «golden showers» og S&M, noko han takkar Freddie for. Songen var mykje meir populær i Europa enn i Amerika, og dette er årsaka til han berre finst på den europeiske utgåva av samleplata Strictly Commercial.

Innhald

Versjon 1:

A. «Bobby Brown» - 2:43< B. «Baby Snakes» - 1:50

Versjon 2:

A. «Bobby Brown» - 2:43 B. «Stick It Out» - 4:33

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bobby Brown (song)» frå , den 5. juli 2014. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Frank Zappa-songar Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1979 Kategori:Songar skrivne av Frank Zappa Kategori:Songar om BDSM Kategori:LHBT-songar Kategori:Songar på toppen av Sverigetopplistan Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Rockeballadar Kategori:Komedierockesongar