Buq'ata (arabisk بقعاتا, hebraisk בֻּקְעָאתָא) er ein drusarby nord i Golanhøgdene, i dag administrert av Israel. Dei fleste innbyggjarane har syrisk borgarskap. Buq'ata dekkjer eit område på 7 km² mellom Hermonit og fjellet Varda. Han ligg 1 070 meter over havet. I 2007 var folketalet 5 700.
Historie Buq'ata vart grunnlagd i 1880-åra av familiar frå nabobyen Majdal Shams. Han vart øydelagd i 1888 under ei rekkje kampar mellom rivaliserande landsbyar i området, og igjen i 1925 under det store syriske opprøret mot det franske mandatstyret. Han vart ein del av det sjølvstendige Syria i 1946. I løpeg av seksdagarskrigen i 1967, vart byen erobra av Israel. Buq'ata fekk israelsk kommunestatus i 1982.
Sidan opprøret i Syria, har noko valdeleg uro breidd seg over til Buq'ata, der innbyggjarar som er lojale overfor president Bashar al-Assad i Damaskus har slost mot opprørarar.Echoes of Syria’s War in the Golan Heights
Demografi Innbyggjarar i Buq'ata har permanent innbyggjarstatus i Israel ogo har rett til israelsk borgarskap. Dei mottar lokale sosialhjelp frå Israel og dei produserer varer for israelske distributørar.Assad harvests support from Druze in Israel - with apple
Økonomi Hovudnæringa er hovudsakleg jordbruk, med eple og druer som dei viktigaste avlingane. I 2013 hausta Buq'ata 55 000 tonn eple, som er selde til marknader i Israel eller eksporterte til Syria.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Buq'ata» frå , den 6. juli 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Busetnader i Quneitra guvernement Kategori:Busetnader grunnlagde i 1880-åra Kategori:Lokale kommunar i Nord-distriktet i Israel Kategori:1880-åra i Det osmanske riket