Kafroun eller Al-Kafroun (arabisk الكفرون) er ein gresk-ortodoks kristen by i Syria i Tartous guvernement. Han ligg kring 65 km frå byen Hims i An-Nusayriyahfjella, kring 550 meter over havet. Staden er ein populær feriestad om sommaren for lokale som ønskjr å sleppe unna dei høge temperaturane i låglandet. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Kafrun eit folketal på 2115 i 2004.Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Tartus guvernement.
Han er kjend for den årlege festivalen som feirar himmelfarten til Jomfru Maria den 15. august. Festivalen vert heldt på toppen av fjellet Jabal Al-Saideh.
Kafroun er fødestaden til den kjende syriske songaren George Wassouf.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kafroun» frå , den 6. juli 2014. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Om byen på arabisk
Kategori:Busetnader i Safita-distriktet Kategori:Landsbyar i Syria