Pizzo Coca er ein 3 052 meter over havet høg fjelltopp i Bergamoalpane i regionen Lombardia i Italia. Fjellet, som er den høgste toppen i Bergamoalpane, ligg på fjellryggen mellom Val Seriana og Valtellina, på grensa mellom provinsane Sondrio og Bergamo. Pizzo Coca har ein primærfaktor på 1878 meter, og fjelltoppen er såleis ein av ultratoppane i Europa.
Italienaren Emilio Torri var i fylgje med fjellføraren Antonio Baroni då dei i 1877 vart dei fyrste til topps på Pizzo Coca.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pizzo di Coca» frå , den 16. juli 2014.
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Italia