Kondroditt er eit gult til brunt mineral med kjemisk formel Mg5(SiO4)2F2. Det er monoklint og strukturelt nærskyldt med olivin.
I Noreg er det funne i marmor ved Kristiansand og i Nissedal, og dessutan i skarn ved Arendal.
Det vart oppdaga i 1817 på Monte Somma, ein del av Vesuvkomplekset i Italia, og kalla opp etter det greske ordet for «lite korn», som er ein vanleg habitus for dette mineralet.
Kjelder Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Kondroditt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/kondroditt.
Bakgrunnsstoff
kategori:Magnesiummineral kategori:Jernmineral kategori:Humittgruppa kategori:Monokline mineral